NRK Meny
Normal

Slår alarm om tryggleiken ved åtte olje- og gassanlegg

Eit godt planlagd åtak vil vera over før politiet rekk å mobilisera, ifølge Forsvarets forskningsinstitutt.

Gassanlegget på Kollsnes

UVÆPNA: Kollsnes har sivile vakter, medan Storbritannia har væpna vakthald av røyra som kjem med norsk gass.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Dei norske landanlegga for olje og gass er dårlegare terrorsikra enn plattformene til havs, viser ei analyse frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) ifølge VG.

Instituttet meiner at «angrep mot landanleggene kan også få store konsekvenser og føre til stans i leveransene av gass.»

Væpna vakthald i Storbritannia

Det er stor forskjell på vakthaldet i dei to endane av gassrøyra mellom Noreg og Storbritannia. Norsk gass som blir ført i land i Storbritannia kjem til anlegg med væpna vakter.

I Noreg er anlegga berre sikra med innleigde sivile vakter med avgrensa fullmakter.

Mongstad

TERRORFARE: Mongstad er blant dei åtte norske landanlegga for olje og gass som Forsvarets Forsinkingsinstitutt meiner er for dårleg sikra mot terroråtak.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Anlegga på land er ikkje med i offshoreberedskapen politiet og Forsvaret kvart år øver på. Dei er ikkje sikra i tråd med krava til såkalla skjermingsverdige objekt i tryggleikslova, ifølge FFI.

– Rekk ikkje fram i tide

«Ved terroranslag vil politiet bli varslet og respondere med lokalt tilgjengelige ressurser, før eventuelt beredskapstroppen innkalles og det anmodes om bistand fra Forsvaret. Det kan være tilstrekkelig for håndtering av forvirrede personer, men et godt planlagt angrep vil være gjennomført før ordensmakten har rukket å mobilisere tilstrekkelige styrker», heiter det i FFI-rapporten.

Mongstad bombealarm

BOMBEALARM: 12. november 2013 vart det funne ein mistenkeleg pakke på Mongstad. Politiets bombegruppe kom frå Oslo etter fire timar.

Då det hausten 2013 vart funne ei mistenkeleg pakke merka «Bomb» ved raffineriet på Mongstad, tok det til dømes fire timar før politiets bombegruppe kom frå Oslo.

Tidlegare same året angreip terroristar Statoils anlegg i In Amenas i Algerie, og 40 menneske vart drepne.

– Ikkje «skjermingsverdige»

Kommunikasjonssjef Ole Berthelsen i Olje- og energidepartementet skriv til VG at dei ikkje har funne grunnlag for å utpeika «skjermingsverdige objekter etter sikkerhetsloven i sektoren».

Statoil seier dei samarbeider godt med styremaktene og at sikringstiltaka på anlegga deira er oppgradert dei siste åra.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.