Hopp til innhold

Dansk klubb med bod på Heltne Nilsen

Ein av dei viktigaste spelarane til Brann kan vere på veg vekk frå klubben.

Eliteserien fotball 2018: Bodø/Glimt-Brann Sivert Heltne Nilsen

BOD: Ein dansk klubb ynskjer å kjøpa Brann sin midtbanegeneral Sivert Heltne Nilsen. Her feirar han målet mot Bodø/Glimt søndag.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Etter det NRK erfarer har den danske klubben AC Horsens lagt inn eit bod på Sivert Heltne Nilsen (26).

Bodet skal vere på fleire millionar kroner.

Sportssjef i SK Brann, Rune Soltvedt, ynskjer ikkje å kommentera NRK sine opplysningar.

– Eg har ingen kommentarar til denne saka no, eller til noko sal eller kjøp av spelarar.

God sesong gir fleire interesserte

Brann toppar Eliteserien, trass tap og uavgjort i dei to siste kampane.

– Vi merkar at den gode vårsesongen har skapt større interesse for spelarane våre, seier Soltvedt.

– Er det aktuelt for Brann å selje nøkkelspelarar no?

– I utgangspunktet vil vi forsterke oss i dette overgangsvindauga, og ikkje svekke oss. Samstundes veit vi at om klubbane som vil ha spelarane våre er store nok og boda høge nok, så er det vanskeleg for oss å seie nei.

Vil ikkje kommentere

AC Horsens frå Jylland enda på ein sjetteplass i den danske Superligaen førre sesong og har klare ambisjonar om å styrka seg før den nye sesongen startar no til helga.

– Eg har ingen kommentarar til eit eventuelt bod på Heltne Nilsen, seier trenar Bo Henriksen til NRK.

– Men vi fylgjer norsk fotball og det er fleire gode spelarar der. Vi er på utkikk etter tre spelarar å styrke troppen med dei neste vekene, legg han til.

Ordknapp spelar

Sivert Heltne Nilsen er sjølv ordknapp då han snakka med NRK i dag.

– Eg held meg til at eg har kontrakt med Brann. Elles må klubben svare på alle spørsmål kring dette.

Nilsen (26) har 70 seriekampar for Brann etter at han kom frå Vålerenga i 2015. Den gong signerte han ein treårskontrakt med raudtrøyene.

Eliteserien fotball 2018: Bodø/Glimt-Brann.

PÅ VEG VEKK? Sivert Heltne Nilsen takkar supporterane som tok den lange turen nordover for å sjå Brann spele 2–2 mot Bodø/Glimt søndag.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Viktig for Brann

Sidan då har han vore ei svært viktig brikke for Brann.

Først var han med på opprykket frå 1. divisjon, før Brann imponerte i comebacket med seriesølv i 2016-sesongen.

I år har eit svært solid Brann-lag toppa tabellen i lang tid. Sesongens første tap kom ikkje før i 15. serierunde mot Molde 1. juli.

Søndag sende Nilsen Brann i leiinga mot Bodø/Glimt med eit skot frå kort hald. Kampen enda til slutt 2–2.