Hopp til innhold

Dagen då «sommaren» kom til landet

I går bikka Noreg 15 grader celcius for første gong i år. I dag blir det truleg endå varmare.

Barnehage i Bergen

SOLLEIK: Ungane i Sollien barnehage koste seg i sola då Bergen fekk sommarvarme og 15,6 grader i går.

Foto: Christian Lura / NRK

– Det har vore ein ganske kald og lang vinter, men i går kom Noreg endeleg opp på 15 grader, seier vakthavande meterolog Anne Solveig Andersen ved Vèrvarslinga på Vestlandet.

Fire målestasjonar i landet kom onsdag over 15 grader, og tre av dei var i Hordaland:

  • Stord lufthavn (15,8 grader)
  • Hjelmeland (15,7 grader)
  • Bergen, Florida (15,6 grader)
  • Etne (15,3 grader).

Men meterologen er litt usikker på om målinga i Hjelmeland kan vera feil.

Endå varmare i dag

Ho reknar med at det kan bli like varmt eller endå varmare på Vestlandet i dag.

– Morgonen har jo starta veldig fint. Eg trur nesten ikkje det er ei einaste sky på himmelen, og det ser ut til å halda seg utover dagen.

Anne Solveig Andersen

SOMMARVARSEL: Den 11. april kom sommaren endeleg til Noreg. – Fire målestasjonar hadde over 15 grader celcius, seier vakthavande meterolog Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

Vèret er svært fint heilt opp til omkring Bodø, før det blir meir skya lenger nord.

Andersen spår maksimaltemperaturar på 14-16 grader i ytre strok på Vestlandet, og litt kaldare i indre strok.

Men det kan også bli aukande austleg vind i fjellet og utsette fjordstrok.

30 grader kaldare

Og kontrastane er framleis store i landet. Den kaldaste staden på dagtid onsdag var nøyaktig 30 grader kaldare enn den varmaste:

  • Majavatn (-14,2 grader)
  • Varmtresk (-13,8 grader)
  • Sisovatnet (-13,1 grader)
  • Nordli, Holand (-11,0 grader)

Og i morgon kan det skya til og kanskje bli litt regn på kvelden.