Hopp til innhold

Forsvaret inngår gigantkontrakt i Sør-Korea

Daewoo Industries i Sør-Korea skal byggje det største skipet i Forsvaret nokon sinne . Verdien på kontrakta er 1,32 milliardar kroner

Forsvarets nye logistikkfartøy

SKAL BYGGJAST I SØR-KOREA: Det nye logistikkfartøyet blir det største i Sjøforsvaret. Daewoo Industries og Forsvaret signert i dag

Foto: Forsvaret

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

MODERNE MARINE: Forsvarsminister Anne Grethe Strøm-Erichsen seier skipet er den siste brikka i det nye sjøforsvaret.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Skipet blir det største fartøyet i Sjøforsvaret. Den totale kostnadsramma på prosjektet er 1,7 milliardar kroner.

– Vi jobbar mot å ha Europas mest moderne marine. Dette fartøyet er siste brikka i den prosessen, seier forsvarsminister Anne Grethe Strøm-Erichsen.

Ho var til stades under kontraktsigneringa i Gravdal i Bergen klokka 13.00 i dag.

I over ti år har Forsvaret ønskt seg eit nytt logistikkfartøy, og 1. oktober 2016 skal det seinast vere på plass. Skipet opnar for at marinefartøy kan få forsyningar medan dei er til sjøs, slik at dei ikkje treng å gå til land.

Valde vekk norsk selskap

To andre selskap ønskte også å byggje fartøyet: Norske Bergen Group som samarbeida BMT i Storbritannia og tyske P&S Werften.

– Dette var ein internasjonal konkurranse der Daewoo la det beste tilbodet på bordet, både når det gjeld kvalitet og pris. Dei har også levert fire tilsvarande fartøy til Storbritannia, og har vist at dei kan levere kvalitet til lave kostnadar, seier forsvarsministeren.

Forsvaret har fått kritikk frå både Norsk Industri og Fellesforbundet for å ikkje byggje båten i Norge.

– Norske verft har fått moglegheita til å kome med sine tilbod, men nådde ikkje opp. Daewoo var det verftet som kom med det beste tilbodet, og som gjennom kontraktsforhandlingar har gitt oss det beste fartøyet for den prisen vi er villige til å betale, seier kontreadmiral Morten Jacobsen.

Han er sjef for Maritime kapasitetar i Forsvaret sin logistikkorganisasjon, og har vore med å forhandle fram kontrakta.

Det er stilt krav om gjenkjøp tilsvarande kontrakten sin verdi. Det betyr at Daewoo må finne samarbeidspartnarar i Norge for delar av leveransen, eller på anna måte bidra til verdiskaping i Norge for same verdi som kontrakten.

Forsvaret har aldri inngått store kontrakter i Sør-Korea før.

Kan operere utan støtte frå land

Skipet er som ein slags flytande verkstad. Der er forsyningar, helikopterlandingsplass og sjukestove om bord. Det skal fungere som eit støtteskip, og kan mellom anna fylle drivstoff på andre av Sjøforsvaret sine fartøy, slik at dei slepp å gå til land.

– Då kan norske marinefartøy operere med forsyningar i sjøen i staden for å gå inn til land for å tanke, seier Jacobsen.

Skipet skal erstatte dei gamle logistikkskipa KNM Tyr og KNM Valkyrien. Dei to andre fartøya har ikkje evne til å gje drivstoff-forsyningar til marinefartøy til sjøs.

Dette skipet vil ha eit mannskap på 50, med lugarkapasitet til det doble. Hovudsakleg vil mannskapet får dei to gamle logistikkskipa tre inn som mannskap.