– Eg hadde akkurat tatt av meg buksa, då eg såg ein skikkelse oppe i kroken der, seier Jeanette Hauge (25) og peikar opp i taket.
Seint søndag kveld skulle ho ta sol ved Brun og Blid på Lagunen i Bergen, då ho oppdaga at ein mann kikka ned på ho inne på solariumsrommet.
Det var Bergens Tidende som først omtala den noko spesielle saka frå solariet.
Såg halve ansiktet
– Eg fekk sjokk, men det er jo slike ting ein høyrer om kan skje på eit solarium. Eg har alltid tenkt om nokon kan sjå meg eller om det er kamera montert, seier Hauge.
Ho vil tenkje seg godt om neste gong ho skal ta solarium.
– Det var ein ekkel og ubehageleg oppleving.
Hauge fortel at ho såg halve ansiktet til mannen, då han kikka ned på ho mellom gittera i taket. Ho gjekk ut av rommet og ringde straks til politiet.
Arrestert
Då politiet kom fram til staden, fann dei ikkje mannen med det første. Han sat nemleg bak ein automat, mellom to solariumsrom. For å komma seg dit, må mannen ifølge BT ha klatra over gitteret som dekkjer taket på eit anna solariumsrom.
Ifølge politiet tok det litt tid før dei klarte å overtala mannen til å koma fram. Vedkommande er ein kjenning av politiet, og har i dag vore i avhøyr ved Bergen sentrum politistasjon.
Eigar av solsenteret, Asbjørn Totland, seier han vart forferda då han høyrde kva kunden hadde opplevd søndag.
– Det er første gong vi opplever noko slikt. Vi beklagar så mykje, seier Totland til Bergens Tidende.
Trur mannen var tjuv
Direktør i Brun og Blid, Torbjørn Frantzen, beklagar også det kunden har opplevd, og seier til NRK at han ikkje kan hugsa liknande episodar.
Men Frantzen spør seg om den arresterte mannen kan ha vore på utkikk etter noko anna enn solbrune damer.
– I og med at han har hoppa ned der bak betalingsautomaten, så trur eg at han eigentleg var på jakt etter pengar. Det har vi opplevd før, seier Frantzen.
Han legg til at det skal vera trygt å nytte seg av dei sjølvbetente solaria.
– Konstruksjonen i taket er slik fordi det må vera utlufting frå romma, men akkurat i dette rommet ser det ut til at det har skjedd ein glipp. Vi går no over og dekkar til slik at dette ikkje kan skje igjen, forsikrar Frantzen.