Åleine i ein hangar sat ei søvnig bestemor.
Det var jolakveld og fest rundt om på denne jord.
Bestemor hadde gledd seg til å reisa heile den lange haust.
Men ikkje visste ho at flyplassen var flytta nord der aust.
Ho hadde kjent gleda ved tanken alt kvelden før,
gleda med folk som snakkar, folk som spør.
Vekk frå einsemda som aldri får nok.
Vekk frå hovudstad og eldreblokk!
Morgonen etter pakka ho jolanettet.
Stega var glade og jolalette.
Ein halveten fattigmann frå i fjor,
det var frukosten - ho tykte han var stor.
Ho venta på flybussen, aldeles åleine.
Venta og venta, men tok så fatt med beina.
Barnebarna der vest vinka til ho i tanken.
Flybilletten var ordna, ho skulle få han i skranken.
Ho gjekk seg til blods medan det snøa lett.
Ho tenkte på pinnekjøt, ho lengta seg mett.
Endeleg såg ho tårnet på den gamle plassen.
Snart var ho i lufta, snart bar ho vesletassen!
Ho tykte det var rart at der var så tomt og stille.
I fjor var det jo texas og kaos, ja, aldeles ille.
Så har dei lært, dei andre, og reist litt før i år,
tenkte gamlemor, støl og med gnagande sår.
Den store plassen låd der mørk og trist.
Var dette same plassen som ho drog frå sist?
Gamlemor undrast og såg etter teikn til liv,
men ikkje eit fly - ikkje eit pust i eit siv!
Dei dreg ikkje utan meg, tenkte bestemor.
Å, når ho berre var ombord!
Ho leita etter porten, ho famla kvar ein meter,
fann ho den ikkje snart, fann ho vel heller Sankt Peter.
Jolaklokkene tona fjernt da dagen gjekk mot kveld.
No stod sylvgutane og mot himmelen ljosa held!
Bestemor tok eit siste kraftlaust steg,
og der! Der såg ho ein ørliten veg.
Eit ørlite hol i gjerdet og ein smal sti.
Ho kreka seg gjennom, no var det dårleg tid.
Med jolanettet dinglande og med trøya heva som fane,
var det at bestemor sprang inn på ein fordums rullebane.
Så fekk ho då endeleg syn for sagn,
ho var åleine, det var ikkje gagn.
Likevel sprang ho banen til ende,
kom ho berre opp i lufta, så kan hende...
Det vart ein shokahara, alt anna enn strak,
då bestemor fall nedatt på jorda med eit brak.
Ho senka hovudet og freden senka seg.
Ho drog seg mot ein hangar, det var ingen annan veg.
Ei tåre trilla sakte, og gav ekko milevis.
Så stilna alt, og tåra fraus til is.
Slik fann dei bestemor, årevis etter flyplassen stengte.
Og kvar jol sidan, stod ei stjerne over hangaren og blenkte.
Frå boka Då gamlemor baka seg i hel
(Alma Mater/NRK P1)
Forfattar: Linda Eide (NRK P1)
Teikningar: Ingebjørg Jensen
Illustrerande musikk: Torbjørn Ellingsen