NRK Meny

Cross-syklist krasja i 50 km/t

Ein mannleg cross-syklist i 20-åra har krasja i eit gjerde på ei motocrossbane ved Matre i Kvinnherad. – Han skal ha hatt ein fart på 50 km/t. Vedkommande klager på smerter i skulder, mage og ein arm, og får no behandling av ambulansepersonell på staden. Mannen er bevisst og pratar, seier operasjonsleiar i politiet, Hans-Eirik Thue.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.