NRK Meny

Costaricanar skal trena med Brann

Myron Escoe skal trena med Brann denne veka. Den costaricanske klubben Deportivo Saprissa melder på si heimeside at Escoe i dag kjem til Bergen for å gjennomføra ein medisinsk test hjå Brann. Det avkrefter sportssjef Rune Soltvedt overfor Bergensavisen. – Han er ein interessant spelar for oss, og så får me sjå kva det blir til.