Coop og Forbrukarrådet: – Meld sms-svindel til politiet

– Personopplysingar er vorte ei handelsvare på nett. Det er eit stort samfunnsproblem, meiner sikkerheitssjefen i Coop.

Coop-svindel

UTNYTTA AV SVINDLARAR: Denne gongen er det Coop som er utnytta av svindlarar som vil få folk til å gje frå seg informasjon dei kan selja vidare. No ber både Coop og Forbrukarrådet folk melda slike forsøk til politiet.

Foto: Scanpix / Privat

Du har truleg opplevd det. Det tikkar inn ei tekstmelding eller ein e-post med eit tilbod nokon håpar at du ikkje kan motstå.

Ofte er det lett å oppdaga svindelen. Andre gonger ser det heile nokså truverdig ut.

Denne gongen er det Coop som må gå ut og åtvara mot falske tekstmeldingar og e-postar, som er sende ut i deira namn.

Svindlarar utgjev seg for å vera seriøse selskap for å lura til seg personleg informasjon

Slik gjorde svindlarane det denne gongen.

Foto: NRK
Svindlarar som utgjev seg for å vera eit seriøst firma, framstår gjerne svært truverdige. Ei stund. Dei som utgav seg for å vera Coop denne veka, laga ei spørjeundersøking om produkta som kjeda sel.

Framleis let mange seg lura

Soner Sevin har avslørt fleire internasjonale svindelnettverk. I sikkerheitsavdelinga i Coop har han fått på plass eit eige team som berre arbeider med slike saker.

Les òg: Forbrukarrådet åtvarar mot gratiskonkurransar

– Alle sakene som kjem inn til oss vert analyserte, samanlikna og me prøver å finna bakmennene. Me gjer det me kan. Det vil mellom anna seia å auka medvitet hjå forbrukarane. Det informerer om svindelforsøk, om korleis slike meldingar fungerer og korleis bakmennene jobbar.

Les òg: I fjor ble 286 godtroende nordmenn svindlet for 150 millioner kroner

Gjer gode pengar på vidaresal

Ein av fem ser «for godt til å vera sant»- tilbod kvar einaste dag, syner ei undersøking utført for Forbruker Europa i fjor.

– Dette er eit stort samfunnsproblem. Personopplysingar er no ei handelsvare på nett, der svindlarar sel opplysingar til telemarketingfirma. Så vert du ringd opp og får tilbod om ulike abonnement eller tenester, seier sikkerheitssjefen i Coop IT, Soner Sevin.

Soner Sevin og Coop får Findusprisen

FEKK FINDUSPRISEN: Soner Sevin og Coop fekk overrekt Fidus-prisen frå statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Thor Kleppen Sættem for arbeidet med informasjonssikkerheit i verksemda.

Foto: Arne Røed Simonsen / NSR

Halvparten av dei spurde ser slike minst to gonger i veka, og unge mellom 18 og 25 år er flinkast til å gjennomskoda svindelen.

– Sidan folk er så naive, er kvaliteten på opplysningane dei gjev frå seg svært høg. Ofte gjev dei frå seg både namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer, fortel Sevin.

Slike meldingar er ulovlege

– Det er leitt at kjende merkenamn vert misbrukte for å lura til seg kontaktinformasjon, seier Pia Høst i Forbrukarrådet.

Folk liker konkurransar og gratistilbod, men det er lite som faktisk er gratis.

Pia Cecilie Høst

FOLK VERT UTSETTE FOR SVINDELFORSØK HEILE TIDAS: Ikkje tru på tilbod som verkar for gode til å vera sanne, seier Pia C. Høst er fungerande direktør for kommunikasjon og digitale tenester i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukarrådet

– Du betaler ved å gje frå deg informasjon om deg sjølv. Dette kjem på lister som vert selde vidare, seier Høst.

Men det er ikkje lov til å senda slik reklame, med mindre du har sagt klart ja.

Les òg: Ulovlege SMS-ar kan koste dyrt - Forbrukertilsynet

Meld alt til politiet

Denne gongen tippar Soner Sevin at svindlarane har sendt ut fleire ti tusentals meldingar med Coop som avsendar. Han ber alle om dokumentera tekstmeldingar og e-postar.

– Folk bør melda slike svindelforsøk til politiet, same kva dei vert utsette for. Omfanget av dette er enormt, og ingen veit kor store mørketala er, seier han.

Han får støtte frå Pia Høst i Forbrukarombodet.

– Dersom politiet ser at omfanget er stort nok, så vil dei måtta etterforska slike saker.