NRK Meny
Normal

Charterfly i grøfta på Flesland

Eit fly har stått bom fast på Bergen lufthamn Flesland etter at to av hjula hamna utanfor bana. Flyet er no oppe frå grøfta og skal kontrollerast for feil.

Charterfly i grøfta

FLY I GRØFTA: Flyet er venta å vere i trafikk om kort tid, seier kommunikasjonssjef i Thomas Cook Airlines, Torben Andersen.

Foto: JOHN NØSTDAL / NRK

SISTE: Klokka 11.58 melde Bergen lufthavn Flesland om at charterflyet som har stått i grøfta sidan firetida i natt, er berga opp.

Flyet skal no kontrollerast for skader etter uhellet, og går så vidare til Oslo der passasjerar ventar.

Det var i firetida i natt at charterflyet frå Thomas Cook airlines blei ståande bom fast ved taksebana på Bergen lufthamn Flesland. Flyet hamna på utsida av bana, og to av dei høgre bakhjula blei sittande fast om lag 50 cm nede i grasmatta

Traktor skubba flyet utfor bana

Flyet kom med passasjerar til Flesland i natt, og skulle så fly tomt vidare til Oslo, for å frakte passasjerar til Mallorca 07.15 i dag.

Ingen passasjerar var om bord på flyet då det hamna utfor bana.

– Det er store reparasjonar på Flesland i øyeblikket. Når flyet skal trekkast må det no køyre lenger enn normalt. Føraren av traktoren var difor ikkje kjent med ruta flyet skulle dyttast, og skubba det difor i grøfta, seier kommunikasjonssjef i Thomas Cook Airlines Torben Andersen.

– Passasjerane som må vente i Oslo har fått mat og drikke. Dei ventar no på nærmare beskjed frå oss. Truleg vil dette ikkje ta lang tid, sa Andersen til NRK klokka 09.40.

– Reknar ikkje med store forseinkingar

– Det står godt fast. Me må få det vekk der ifrå. Det er viktig no, sa lufthamndirektør Aslak Sverdrup til NRK tysdagsmorgon.

Bergingsutstyr er bestilt for å få flyet opp. Kor lang tid det vil ta før bana er rydda, kjem an på når utstyret er på plass, seier Sverdrup. Ifølgje flyplassjefen skal uhellet i lita grad gå utover dei reisande.

– Me reknar ikkje med at det skal bli nokre store forseinkingar i flytrafikken. I alle fall ikkje i stor grad. Me forventar at trafikken skal gå noko lunde som normalt.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.