Hopp til innhold

Campingbil og personbil kolliderte – lange køar på E16

To tunnelar på E16 var stengde etter trafikkulukke.

Kø etter ulykke ved Stavenestunnelen på E16

LANGE KØAR: Hovudfartsåra inn mot Bergen var stengd i over ein time etter ei trafikkulukke ved Stavenestunnelen på E16. Ingen blei skadde i kollisjonen.

Foto: Bjarte Aarland

Langhelletunnelen og Stavenestunnelen på E16 var stengde i over ein time etter ei trafikkulukke like før klokka halv 3.

Politiet melder på Twitter at ingen personar er skadde.

Laster Twitter-innhold

– Meldinga går ut på at ein campingbil og ein personbil skal ha vore involvert, men meldingane er litt uklare, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK like før 14.30.

Trafikkuhellet skjedde ved utgangen av Stavenestunnelen i retning Voss. Politiet har fått meldingar om at det var lange køar i området. Klokka 15.30 meldte Statens vegvesen at vegen var opna for trafikk.

Stavenestunnelen ulykke

Tre personar var involvert i ulukka, men ingen er skadde.

– I utgangspunktet er det berre snakk om materielle skader. Personbilen blokkerer to køyrefelt og er i ein slik stand at han ikkje kan flyttast. Ein bergingsbil er straks framme, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK klokka 15.

Operasjonsleiaren veit enno ikkje kva som var årsaka til kollisjonen.

Stavenestunnelen er den andre tunnelen i retning Voss frå rundkøyringa på Trengereid. Begge tunnelane ligg i Vaksdal kommune.