Cabincruiser totalskadd i brann

Ein 30-35 fot stor cabincruiser blei i natt totalskadd i brann i Hordnesvegen i Bergen. Også delar av ei kai i tre blei skadd. Ingen personar blei skadd. Brannen er no sløkt.