Hopp til innhold

Bysyklar slår an: Talet på turar firedobla i april

BERGEN SENTRUM (NRK): No har bergensarane plutseleg oppdaga bysyklane. Sist månad blei bruken firedobla.

Sykkelsjef Einar Johan Grieg

SJEF: Sykkelsjef i Bergen kommune Einar Johan Grieg testar bysyklane i Bergen. I april kom det 600 nye bysyklar og 54 nye stasjonar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Me står ein liten halvtime og ser på folkelivet langs Lille Lungegårdsvann i Bergen. Eit påfallande trekk er den jamne straumen av syklistar på dei karakteristiske kvite og grøne bysyklane.

Mange fleire enn folk på vanleg sykkel.

Og det andre typiske er at folk på bysykkel er travle. Nesten alle ropar i forbifarten at dei er på veg til jobb.

Men så kjem Eskil Syltøy Løland smilande og syklande på bysykkel. Han har ikkje hastverk.

– Eg er berre ute og dillar. Ein slags «spasersykkeltur».

Han seier han syklar mykje for tida.

– Det er våren og bysyklane som har fått meg opp på sykkelsetet.

Byskler under Festspillene i Bergen

STARTEN: Bergen fekk midlertidige bysyklar under Festspela i 2016. Det blei vidareført, og no har dei skifta farge. Talet på brukarar har eksplodert.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Tala firedobla

Emil er ikkje åleine. Sidan tilbodet med bysyklane starta i juni i fjor, har det vore mellom 10.000 og 25.000 turar i månaden.

I april i år hoppa bruken brått opp til 94.000 bysykkelturar.

– Bruken av bysyklar eksploderte på ein månad. Me forstår ikkje heilt kva som har skjedd, seier den overraska sykkelsjefen i Bergen kommune, Einar Johan Grieg.

Flott vær er ei viktig årsak, og at kommunen gav gratis bysykkel-leige den første veka.

– Det gav ein boost til bysyklinga i byen, og me ser at bruken var mykje høgare også resten av månaden, seier Grieg.

I den gratis kampanjeveka blei bysyklane brukt over 29.000 gonger. I dei tre neste vekene i april blei dei brukt nesten 64.000 gonger.

Bysykler

OSLO: Bysyklane i Oslo er mest brukt i landet.

Foto: Nadir Alam / NRK

Stabile sykkeltal

I sykkelplanen som Bergen kommune vedtok i 2010, var målet at delen av reiser på sykkel skulle auke frå tre prosent til ti prosent innan 2019.

Ei undersøking i fjor viste at talet ikkje hadde forandra seg, og at Bergen var dårlegast i klassen. Byen som arrangerte sykkel-VM i 2017 kunne ikkje kalla seg ein sykkelby.

Siste tal frå Transportøkonomisk institutt er frå 2014, og viser at fem prosent av reisene i Oslo gjort på sykkel, mot åtte prosent i Stavanger, ni prosent i Trondheim og ti prosent i Kristiansand.

Sykkelsjef Einar Johan Grieg i Bergen kommune

GRIEG: Sykkelsjef Einar Johan Grieg er overraske over auka i talet på bysykkelturar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bergen slår Oslo som slår Trondheim

Oslo har hatt bysyklar i mange år. Sjølv om bysykkel-bruken eksploderte i Bergen i april, har hovudstaden hittil i år framleis langt fleire bysykkel-turar.

Bysyklane vart brukt 2,8 millionar gonger i Oslo i fjor, og 270.000 hittil i år. Bergen hadde nesten 104.000 turar siste halvår i fjor, og 140.000 til no i 2019.

Men Oslo har over dobbelt så mange innbyggjarar som Bergen. Så i høve til folketalet har Bergen hatt flest bysykkel-turar i 2019.

I år har Bergen hatt nesten fem gonger fleire turar enn Trondheim. I fjor var bruken like stor i dei to byane, sjølv om tilbodet i Bergen først kom i juni. Og i høve til folketalet er bysyklane brukt halvparten så mykje i Trondheim som i Oslo.