NRK Meny
Normal

Bystyret gir blaffen i åtvaringar frå brannvesenet

I går godtok bystyret bygging av tre bustadblokker i Nygårdslien i Bergen, trass i at vegen opp er så bratt at brannvesenet ikkje kan love at dei kjem seg fram.

Nygårdslien bustadsfelt

GÅR I MOT RÅDA: Bystyret vel å gå inn for å byggje dei omdiskuterte blokkene i Nygårdslien trass i at brannvesenet ikkje kan garantere å kome seg fram til bygningane i tilfelle brann.

Foto: Illustrasjon frå saksdokument

Brannbil Bergen brannvesen

KJEM IKKJE FRAM: Bergen brannkorps kan ikkje garantere at dei vil nå fram til blokkene på grunn av den bratte vegen opp.

Foto: Alrik Velsvik / NRK
Tina Åsgård

SEIER NEI: Tina Åsgård i SV vil ikkje råde nokon til å busetje seg i dei nye blokkene i Nygårdslien.

Foto: Pressebilde
Filip Rygg

STØTTAR BRANNVESENET: Byråd Filip Rygg (KrF) meiner ein skal lytte til brannvesenet sine anbefalingar.

Både byrådet og brannvesenet har tidlegare vore kritiske, fordi bakken opp til blokkene er for bratt til at brannvesenet kan garantere at dei kjem fram med store bilar.

– Vegen er for bratt

Eit stort fleirtal av bystyret gjekk i går inn for å godkjenne utbygginga, sjølv om vegen fram til blokkene har ein stigning på 14 prosent.

Brannvesenet kan ikkje garantere at dei vil klare å kome seg fram til bygningane på grunn av den bratte tilkomstvegen.

– Blir det så bratt så går det utover vår mogelegheit til å kome opp. 12,5 prosent stigning er det maksimale våre køyretøy kan handtere, seier senioringeniør Bjørn Næs i Bergen brannkorps.

Skremmande

– Det er ein ganske skremmande tanke. Eg vil ikkje råde nokon til å flytte inn i dei bustadane som skal byggast der.

Det seier Tina Åsgård frå SV. Heller ikkje byutviklingsbyråd Filip Rygg frå KrF kan gå god for stigninga bystyret legg til grunn i vedtaket sitt.

– For byrådet har brannvesenet si anbefaling vore viktig. Difor har vi lagt deira vurdering til grunn og landa på at desse blokkene ikkje bør byggast, seier Rygg.

Ikkje uroa for tryggleiken

– Vi er heilt sikre på at brannvesenet har bilar som kan handtere slike stigningar. Det er mange vegar i Bergen som er like bratte som denne, seier Norvald Visnes frå Høgre.

Han er ikkje uroa for tryggleiken til dei som kan kome til å flytte inn i dei tre planlagde bustadblokkene i Nygårdslien i Bergen.

– Vegen vil bli tryggare

Han understrekar også at vegen vil bli tryggare enn i dag.

– Der vil bli lagt ned varmekablar slik at det vinterstid vil bli lettare å kome opp både for brannvesenet og bebuarane, seier Høgre-politikarane.

– Meiner du at brannvesenet sine retningsliner er for strenge?

– Nei, brannvesenet må ha nokre retningsliner, men denne gongen er vi reint unntaksvis kome fram til ei stigning som er litt brattare enn det brannvesenet anbefaler, seier Visnes.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås