NRK Meny
Normal

Bystyret krev stopp i utkasting av barnehageborn

Nesten eit år etter at NRK avdekka det høge talet på barnehagebarn i Bergen som vart kasta ut av barnehagen, ber bystyret no om å få slutt på praksisen.

Illustrasjonsbilde av barn i barnehage

SKAL SKJERMAST: Bystyret kjem til å vedta at barn ikkje skal miste plassen i barnehagen sjølv om foreldra ikkje betaler.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Måndag fekk oppvekstkomiteen i bystyret vita at fire born ville miste barnehageplassen sin fordi foreldra ikkje hadde betalt.

No krev Linn Katrin Pilskog frå Arbeidarpartiet og fleirtalet i komiteen at byrådet endrar reglane.

– Vi meiner ikkje det er riktig at barn skal ta støyten for at foreldre enten ikkje kan eller vil betale for barnehageplassen. Då straffar vi dei barna som kanskje treng barnehageplassen aller mest, seier ho.

Linn Katrin Pilskog

HAR FLEIRTAL: Linn Katrin Pilskog frå Arbeidarpartiet vil saman med dei andre partia utanom Høgre og Frp stemme for framlegget.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Til handsaming om to veker

Nesten eit år etter at NRK avdekka det høge talet på barnehagebarn i Bergen som vart kasta ut av barnehagen, ber bystyret no om å få slutt på praksisen.

– Om to veker kjem denne merknaden også til å bli vedteken i bystyret. Då forventar eg at byrådet følgjer opp vedtaket, seier Pilskog.

Etter valet slo Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet fast at ingen barn skal mista plassen i barnehagen. Likevel sa barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen til NRK for tre veker sidan at han likevel ikkje ville endra reglane.

No vel bystyret å skjera gjennom, og ber byrådet om å stoppa praksisen ein gong for alle.

– Eit feil signal

Berre Høgre og Framstegspartiet går i mot endringa. Hilde Onarheim frå Høgre fryktar at politikarane no sender eit signal om at det er greitt om foreldra droppar å betala barnehagerekninga.

– Vi meiner det er feil å endre ordninga. Det må vere slik at det er ein konsekvens når foreldra ikkje betaler rekninga fleire månader på rad, sjølv om det er leit og beklageleg at barn mister plassen sin.

– Dei fire barna som i går stod i fare for å mista plassen får behalda plassen, stadfestar vikarierande oppvekstbyråd Roger Valhammer frå Ap.

Hilde Onarheim

– EIT DÅRLEG SIGNAL: Hilde Onarheim frå Høgre fryktar at foreldre vil slutte å betale barnehagerekninga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Foreldra skal få hjelp

Linn Katrin Pilskog fryktar ikkje at foreldre sluttar å betala rekningane sine.

– Nei, det gjer vi ikkje. Vi vil ha gode ordningar for å forklara og hjelpa foreldra til å betala. Dei aller fleste ønskjer å gjere opp for seg. Derfor er dette den rette vegen å gå.

Det er to år sidan bystyret endra reglane slik at barna kunne mista plassen om barnehagerekninga ikkje vart betalt. Sofie Marhaug frå Raudt er glad for at bystyret omsider går inn for å endra regelverket.

– Det synest vi er veldig positivt. Det er synd det har tatt så lang tid å få eit slikt vedtak på plass.

Siste video

Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.
Programleiar: Tale Hauso
Se 30 timers sending oppsummert på 63 sekunder.