Hopp til innhold

– Eg utelukkar ikkje at eg vil gå av

Byrådsleiaren seier det er nærliggande å vurdere å gå av om bystyregruppa til Høgre vel å gå inn for bybaneavtalen mellom H, Frp og Ap.

Byrådsleiaren utelukkar ikkje at ho vil gå av som følgje av bybanesaka.

INGEN KLARE SVAR: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen utelukkar ikkje at ho vil gå av som følgje av bybanesaka.

- Eg synest det har vore ein uryddig prosess, som endå er i stadig utvikling, seier byrådsleiaren.

Klokka 19.00 samlast bystyregruppa til Høgre seg for å mellom anna avgjere kva bybaneavtale dei ønskjer å gå inn for.

Kan vurdere å gå av

På same tid kan dei også avgjere om Stolt-Nielsen vil halde fram som byrådsleiar i Bergen.

– Eg utelukkar ikkje at eg kjem til å gå av om det er slik at bystyregruppa godkjenner ein avtale som går på tvers av byrådet sitt parlamentariske grunnlag. Då har vi ein situasjon som gjer at det er nærliggande å vurdere det, seier Stolt-Nielsen.

Byrådsleiaren håpar at gruppa går for den opprinnelege avtalen Høgre hadde med KrF i byrådet, og avviser avtalen Høgre, Arbeiderpartiet og Framstegspartiet har inngått på bystyresida.

Skjebnetimar for byrådssamarbeidet

Det er denne avtalen også KrF reknar med framleis står ved lag.

- Det er vanskeleg å spå korleis dette vil ende. No får vi avvente gruppa si behandling i kveld og så veit vi meir etter det, seier Stolt-Nielsen.

Gruppeleiaren for Høgre, Dag Skansen, hadde ikkje informert Stolt-Nielsen om forhandlingane som føregjekk etter KrF ga beskjed om at dei ikkje kunne støtte avtalen.

– Eg var informert om at det skulle førast forhandlingar, men eg var ikkje informert om at dei skulle halde fram etter KrF sa at det ikkje kunne stille seg bak desse forhandlingane, seier Stolt-Nielsen i ettermiddag.