Gir seg som byrådsleiar – no vil Støre ha han i rikspolitikken

Harald Schjelderup vil ikkje vere Ap sin byrådsleiarkandidat i 2019. Partileiar Jonas Gahr Støre er allereie på friarfot for nasjonale oppgåver i partiet.

 Byrådsleiar Harald Schjelderup

TAKKAR NEI: Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) seier han bestemte seg allereie for åtte år sidan om når han skulle takka for seg.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Det skriv Schjelderup på Facebook-sida si onsdag føremiddag.

«Etter åtte år anser jeg min oppgave som utført, og det er på tide å slippe nye krefter til etter neste års valg. Det er i politikken som i fotballen; gode lag trenger fornyelse for å vinne nye kamper. Tidspunktet er derfor rett til at det velges en ny byrådslederkandidat til valget neste år», skriv Schjelderup.

Det er 13 måneder igjen til valget i 2019, og det er med full motivasjon og konsentrasjon jeg tar fatt på mitt siste år...

Publisert av Harald Schjelderup Onsdag 15. august 2018

Harald Schjelderup vart byrådsleiar i Bergen etter kommunevalet i 2015, der Arbeidarpartiet gjorde eit brakval i vestlandshovudstaden.

Med 37,8 prosent av stemmene danna partiet byråd saman med Venstre og KrF. Schjelderup presiserer at han skal halde fram arbeidet og drive valkamp for fullt fram til kommunevalet neste haust.

– Eg vil arbeide for at Arbeidarpartiet vinn valet og at det gode byrådssamarbeidet med KrF og Venstre kan halda fram, også etter 2019.

Bergens nye byrådsleder Harald Schjelderup (Ap) om å gå til valglokalet.

SJÅ VIDEO: Harald Schjelderup snakkar om valkampen og det å ta over byrådsleiarkontoret etter fem års arbeid.

2019 var målet

Vidare skriv Schjelderup at då han bestemte seg for å bli frontfigur for Ap i Bergen i 2010, så var målet å gi seg i 2019.

– Om nokon trur at denne avgjerda er tatt i hast i sommar, etter eit trøblete år for Arbeidarpartiet, så kan eg avkrefta det. Eg bestemte meg for at målstreken er 2019 og så gir eg full gass i ni år framover.

Når valperioden til Schjelderup går ut i 2019, har vore i bystyret i Bergen i til saman 16 år.

Støre: – Han er på topplaget

Partileiar Jonas Gahr Støre meiner Schjelderup er blant dei store talenta i Arbeidarpartiet, og at vi snart vil sjå han i rikspolitikken.

– Han er ikkje ferdig i norsk politikk med dette, han har mykje igjen av karrieren, seier Støre til NRK.

Han ser for seg mange potensielle oppgåver for bergensaren.

– Verda sluttar ikkje i Bergen, sjølv om mange i Bergen trur det. Partiet har fleire moglege oppgåver for Schjelderup, både i Noreg og i andre funksjonar han har viktige erfaringar i. Han høyrer til topplaget i Arbeidarpartiet.

Støre og Schjelderup

SAMAN: Jonas Gahr Støre vil gjerne sjå Harald Schjelderup på ei rikspolitisk scene. Her frå valkampen i 2015 saman.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Overraskande og leit

Ikkje alle er like glade for å mista Schjelderup i bergenspolitikken.

Dag Inge Ulstein er finansbyråd for KrF i byrådet i Bergen. KrF valde å gå til Ap i Bergen ved førre kommuneval, etter tolv år med borgarleg samarbeid i byen.

Ulstein er overraska over avgjerda frå byrådskollegaen, men forstår at Schjelderup har tenkt mykje på det før han bestemte seg.

– Det er likevel leit. Han er fantastisk dyktig, skarp og har bygd dette byrådslaget på ein god måte. Han har vore samlande, seier Ulstein.