Hopp til innhold

Vil la heimlause flytte inn i rådhuset

Rekordmange manglar tak over hovudet i Bergen. No vil kommuen i verste fall opne rådhuset til overnatting som ei kriseløysing.

Bergen Rådhus

VIL TA IMOT HEIMLAUSE: Her i rådhuset i Bergen kan heimlause få overnatte, dersom det er behov.

Foto: Runa Victoria Engen

– Alle dei 28 sengene i akuttovernattinga er i bruk. I tillegg har vi hatt provisoriske løysingar dei siste dagane. Natt til fredag sov 14 personar i Domkirken, fortel dagleg leiar i Kirkens Bymisjon, Arne Lynngaard.

Aldri før har Kirkens Bymisjon opplevd at så mange heimlause kjem på denne tida av året.

Pågangen er så stor at tidlegare denne veka blei Korskirken tatt i bruk, for å huse heimlause.

Det er ein plutseleg og ekstra stor pågang av rumenarar som har gjort situasjonen for Bergen kommune og bymisjonen så prekær.

– Vi var litt overraska over at det skulle kome så mange rumenarar no, så tidleg i februar. Vi er usikre på kvifor dette skjer, det er ikkje heilt normalt, seier Lynngaard.

Overnatter i Domkirken i Bergen

SØV I KYRKJA: Natt til fredag fekk heimlause sove i Domkirken i Bergen. Her er det lagt fram teppe og puter.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kommunen vil hjelpe

Fredag var bymisjonen i møte med kommunen. Sosialbyråd Erlend Horn seier kommunen gjerne vil hjelpe.

– Vi vil kunne bidra med lokale dersom det ikkje passar å bruke Korskriken eller Domkirken. Då vil kantina i rådhuset vere eit aktuelt lokale, seier Horn.

– Bymisjonen sitt akuttovernattingstilbod har vore tilstrekkeleg dei siste åra, men no er det for lite kapasitet der. Kommunen vil hjelpe til med det vi kan når det er ein naudsituasjon, anten det er i form av å tilby eit lokale eller bidra dersom bymisjonen har ekstrakostnadar knytt til bemanning, seier Horn.

Erlend Horn

VIL HJELPE: Sosialbyråd i Bergen, Erlend Horn, vil opne rådhuset for dei heimlause.

Foto: Sølve Rydland

Han fortel at kommunen har ein avtale med bymisjonen om at dei tek kontakt dersom dei har problem med å finne eigne løysingar.

– Slik eg oppfattar bymisjonen meiner dei at Korskirken og Domkirkene er dei naudløysingane dei helst vil bruke. Så rådhuset blir ein slags plan B, seier Horn.

– Ikkje eit hotell

Domprost i Domkirken, Jan Otto Myrseth, meiner det er viktig at bymisjonen og kommunen samarbeider.

– Å sove i Domkirken er ikkje som å ta inn på eit behageleg hotell, men vi er glade for at menneske som er i naud eller har behov for hjelp kan få det, seier Myrseth.

– Vi må ta på alvor at menneske som står ved vår dør har behov for hjelp. Vi kan meine forskjellig om kva som er årsaka til at menneske ender opp i ein slik situasjon, men eg synest at vi som lokalsamfunn må stille opp når det trengst, seier Myrseth.

Jan Otto Myrseth

– MÅ STILLE OPP: Domprost i Domkirken, Jan Otto Myrset, seier ikkje er spesielt behageleg å sove i Domkirken. Han meiner det likevel er viktig å tilby kyrkja som naudovernatting for dei som treng det.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK