Hopp til innhold

Byrådet snur om Bybanen til Åsane

Byrådet i Bergen snur i valet av Bybanetrasé gjennom Sandviken og til Åsane. No går dei inn for å forlenge Fløyfjellstunnelen for bilar, og la Bybanen gå i dagen i Sandviken. Dermed droppar dei planane om tunnel under Sandviken og heilt til NHH, som vart lansert i november. – Dette er ein stor dag og ein siger for demokratiet, seier Geir Næss i velforeininga Ytre Sandviken, som har kjempa mot tunnelplanane.

Anna Elisa Tryti pressekonferanse om Bybanen
Foto: Tone Berge / NRK