NRK Meny
Normal

Byrådet seier likevel ja til gatemusikk her

For ein månad sidan ville byrådet i Bergen kaste vekk gatemusikantane frå Torgallmenningen. No har pipa fått ein anna lyd.

Torgallmenningen

BLIR LOV OM DAGEN: Men om natta må gatemusikantane på Torgallmenningen pakka vekk instrumenta sine.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Me får tallause klagar frå folk som opplever dette som svært forstyrrande, sa sosialbyråd Eiler Macody Lund til NRK då det i midten av november vart kjent at byrådet ville nekte gatemusikantane plass på Torgallmenningen i Bergen sentrum.

Bebuarar og butikkar i området hadde fått nok av det dei kalla «bråk» og byrådet lytta. Men forslaget om totalforbod møtte store protestar og då saka skulle opp i byrådet 20. november måtte den trekkjast tilbake.

– På grunn av medieomtalen, og fleire førespurnader etter at saka vart kjent, valde byråden å trekke saka for å vurdere den på nytt, heiter den i den nye byrådssaka.

Blir musikkforbod om natta

No skal temaet om gatemusikantane opp i byrådet 18. desember. Då handlar det ikkje om totalforbod av gatemusikk, men ei avgrensing.

– Byråden anbefaler at gatemusikantar ikkje får opptre på Torgallmenningen, samt ti meter inn i dei tilstøytande sidegatene, frå klokka 22.00 til 10.00 alle dagar, skriv kommunen i ei pressemelding.

Det blir heller ikkje tillate å bruka høgtalar eller forsterkar på Torgallmenningen, noko som gjeld både for gatemusikantar og for butikkar.

– Også høg lyd frå slike kjelder kan vera til irritasjon og plage for både andre
næringsdrivande, bebuarar, og forbipasserande på Torgallmenningen, heiter det i saksdokumenta.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.