Hopp til innhold

Byrådet grip inn mot «hotellutleige» i bustadblokker

Fagfolka ville la vera å forfølga det dei meiner er ulovleg korttidsutleige i vanlege bustadblokker. Det får ansvarlig byråd til å setje foten ned.

Bustadblokker i Damsgårdsundet

KORTTIDSUTLEIGE: Plan- og bygningsetaten i Bergen ville legga vekk det dei meiner er ulovleg utleige her i Damsgårdsundet, men blir overprøvd av byutviklingsbyråden.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Dette ser eg ikkje mellom fingrane med. Dette er ei viktig prinsippsak.

Det seier byutviklingsbyråd Anna-Elisa Tryti (Ap) i Bergen, etter NRK si sak måndag om Damsgårdsundet.

Her driv selskapet Bjørvika Apartments profesjonelt utleige av leilegheiter. Sjølv om kommunen sine fagfolk meiner det er ulovleg, ville dei ikkje gå vidare med saka.

Det er ikkje den ansvarlege byråden nøgd med.

– Kommunen skal forfølga saka der Bjørvika Apartments driv korttidsutleige i dei nye bustadblokkene. Eg har bede fagetaten følga opp dette som ulovlegheitssak, seier Tryti.

«Hotelldrift»?

NRK fortalde først i november om selskapet si utleigeverksemd ved Damsgårdsundet. Vanlege huseigarar i ei rekke sameige var kritiske til det dei kalla hotelldrift i dei topp moderne bustadblokkene.

Selskapet driv profesjonell utleige av 37 leilegheiter der, og tilsvarande i om lag 190 leilegheiter i Oslo. Dei annonserer mellom anna via hotellsider som hotels.com, for periodar heilt ned til to dagar.

Selskapet har rapportert til Bergen kommune at 110 av dei 156 leigekontraktane i mars 2017-februar 2018 var på to veker eller mindre. Andre kontraktar var på over 200 utleigedagar.

Anna Elisa Tryti

KREV GREP: Byutviklingsbyråd Anna-Elisa Tryti krev at plan- og bygningsetaten følgjer opp med ulovlegheitssak mot kommersiell korttidsutleige i bustadblokker i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Etaten: – Ulovleg, men ...

Plan- og bygningsetaten har konkludert at denne korttidsutleiga er ulovleg og at det skulle vore søkt om bruksendring.

Men etaten ville likevel ikkje forfølga saka, særleg fordi Bjørvika Apartments berre disponerer om lag seks prosent av alle leilegheitene i dei sju sameiga.

– Me meiner saka er mindre alvorleg og ikkje naudsynt å følga opp med sanksjonar. Me har veldig mange ulovlegheitssaker, og må prioritera dei som utgjer fare for liv og helse og er ein risiko for samfunnet, sa plansjef Mette Svanes til NRK.

Damsgård

PRINSIPIELL: Saka frå Damsgårdsundet er prinsipielt interessant. Den problematiserer om ein kan tena pengar på overnatting i bygg som er regulert til bustader.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Både naboar og SV reagerte på det.

– Det er skuffande at dei ikkje vil gjera noko med det. Etaten bør ta tak i dette, sa Erik Wilberg i Damsgårdsundet velforeining.

– Får stå for byrådens rekning

Dagleg leiar i Bjørvika Apartments, Ole-Henrik Engen, meinte derimot konklusjonen til etaten viser at dei innser at dei manglar lovgrunnlag for å stoppa utleiga.

– Føremålet vårt er å tilby mellombels bustad til forretningsreisande og private, som av ein eller annan grunn treng mellombels bustad for nokre veker eller månader av gongen. For desse er alternativet å bu på hotell, skriv Engen i en e-post til NRK.

– Byråden har tydelegvis ikkje fått med seg kva slags type verksemd vi driv med.

Ole-Henrik Engen seier at korttidsutleige utgjer ein liten del av den totale utleiga deira.

– At byråden forsøker å framstille oss som noko anna enn det vi er, får stå for hennes rekning.

Byråden krev grep

Men byutviklingsbyråd Tryti er altså einig med kritikarane. Ho avgjorde allereie før helga å overprøva fagfolka sine. Ho krev at etaten tar tak i saka mot utleigeselskapet.

– Dette er klar næringsverksemd i strid med reguleringsplanen og løyva som er gitt.

Tryti viser til andre byar der buområde for familiar har blitt overtatt av utleige for turistar.

– Dette er viktig. Denne attraktive byen vår skal ikkje få tilstandar som i Barcelona og Venezia. Bergen skal syda av liv – både turistar og fastbuande – men leilegheiter skal først og fremst brukast av dei som bur her fast. Det skaper stabile og gode bumiljø.