Hopp til innhold

Byrådet betalar underskotsgarantien

Byrådet i Bergen seier ja til å betale ut underskotsgarantien på 5,2 millionar kroner til VM-arrangøren, skriv Bergensavisen. I mars vart Bergen 2017 AS, slått konkurs av Bergen tingrett. Bergen kommune har vurdert saka juridisk, og byrådet innstiller på at dei skal betale ut underskotsgarantien. I tillegg vil dei også la vere å sende inn krav på ein halv million kroner, som dei har uteståande hos arrangøren.

Sykkel-VM i Bergen, folkefest på Landås
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK