NRK Meny
Normal

Sjå eit heilt bustadfelt bli til på 1-2-3

Å byggja hus kan vera ein lang og omstendeleg prosess. Men med fiks ferdige element frå Estland kan ei heil leilegheitsblokk byggast på nokre få dagar.

Å byggja hus kan vera ein lang og omstendeleg prosess. Men i Arna i Bergen vart ei heil leilegheitsblokk til på få netter.

TIMELAPSE: Sjå korleis 24 modular blir lappa saman til 12 fiks ferdige leilegheiter. (Video: Waldegruppen/Kreativside.no)

– Oi! Sjå, her har det skjedd ting. Heile blokka har kome opp på to netter.

Iren Rasmussen er på byggeplassen i Bergen saman med dottera Vanja. Her har familien kjøpt seg heilt ny leilegheit.

– Oppe i hjørnet der skal vi bu. Der får vi det fint, med morgonsol og ettermiddagssol, peikar og forklarar Iren til dottera.

Fiks ferdig frå Estland

Men dei treng ikkje vente lenge før dei kan flytta inn på Mjeldheim i bydelen Arna. For leilegheita deira er sett saman av fiks ferdige modular.

– Det er malte veggar, kjøkkenet er montert og parketten er lagt. Alt er ferdig når det kjem på byggjeplassen, seier salssjef Jon Sandvik i Waldegruppen.

Modulane er frakta til Bergen med ferje frå Estland. Vel framme i Bergen, vert dei køyrt vidare til byggeplassen med trailer. Ei stor kran løftar leilegheitene på plass.

Og på berre to netter blir 24 modular sett saman til tolv leilegheiter.

– Fordelen med dette er jo at vi får ned byggetida, seier Sandvik.

– Imponerande

Iren Rasmussen er tydeleg imponert over arbeidet som vert gjort.

– Det er veldig spennande når det går så fort. No er det berre ein halvanna månad til dei har ferdigstilt det. Det er ein god måte å byggje på, meiner Rasmussen.

Sandvik forklarar at det er ikkje alle hustypar som lar seg bygge på denne måte.

– Det er for det meste leilegheitsbygg, der du kan ha faste modular som du repeterer bortover huskroppen, forklarar Sandvik.

Å byggja seg eit hus kan vera ein lang og omstendeleg prosess.
Men det treng ikkje vera det - det kan vera gjort på 1-2-3. 
Det kan ta tid å bygge hus, men i Arna har Bergen sitt første modul-baserte hus tatt form - og det bare på få dager!

SJÅ VIDEO: Iren Rasmussen og dottera Vanja er imponerte over kor fort leilegheita deira kjem på plass.

Meir vanleg i Sverige

Byggemåten er ganske ny her i landet.

I 2011 skreiv Aftenposten om eit liknande prosjekt i Nittedal. Der kom modulane frå ein fabrikk i Sverige.

Ifølgje avisa blir nesten halvparten av svenske småhus bygd på denne måten, og svenskane ligg langt framfor Noreg.

– Svenskane har ein større grad av industrialisering av husbygginga. I Noreg er det få firma som arbeider på denne måten, sa administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening til avisa.

Åtvara norske kommunar

Statens Byggtekniske Etat, som no har endra namn til Direktoratet for byggkvalitet, har tidlegare åtvara norske kommunar mot bygging av modulbygg.

Bakgrunnen for åtvaringa var at ein del austeuropeiske produsentar mangla norsk produktgodkjenning.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Lars Monsen og NRK tar med hele Norge til fjells til sommeren.