Hopp til innhold

Bygget kan få kommunen til å skriva ut si største bot nokosinne

Eit ektepar risikerer ei bot på 160.000 kroner etter det rådmannen kallar «graverande rettsbrot».

bilde 3

ETTER: Eit ektepar i Fitjar skal mellom anna ha rive ei løe som var eit kulturminne og bygd opp att eit større fritidsbygg.

Foto: Fitjar kommune

– Dei har kalla det eit uthus eller løe, men det ser mistenkeleg ut som ei hytte, seier rådmann i Fitjar, Atle Tornes.

Eit ektepar i Fitjar skal mellom anna ha rive ei løe som var eit kulturminne og bygd opp att eit større fritidsbygg.

I saksframlegget frå administrasjonen til Fitjar kommune kjem det fram at ekteparet også skal ha bygd ei ulovleg flytebryggje og fylling i stranda. Alle desse forholda er etter administrasjonen i kommunen si vurdering «graverande rettsbrot».

– Dette er veldig grovt

– Dette er veldig grovt. Dei har til dømes fått nei til å riva, men gjort det likevel. Så har dei sendt inn teikningar for å rehabilitera noko, men så har dei bygd noko heilt anna, seier Tornes.

I saksframlegget meiner administrasjonen at det er særleg grunn til å tru at privatpersonane kjenner til regelverket, og vidare burde vita at ein ikkje skal setja i gong eit tiltak utan skriftleg løyve.

Gamal løe

FØR: Ekteparet skriv i sitt svar til kommunen at løa var i så dårleg stand at det var fare for at den kom til å rasa ned av seg sjølv om ikkje det vart gjort tiltak.

Foto: Fitjar kommune

Ekteparet skriv i sitt svar til kommunen at løa var i så dårleg stand at det var fare for at den kom til å rasa ned av seg sjølv om ikkje det vart gjort tiltak.

I brevet skriv det at dei veit at dei etter plan- og bygningslova har plikt til å sikra og setja i stand bygningar. Sidan istandsetting ikkje var mogleg, valde dei å riva, men dei seier dei i ettertid ser at dei skulle forhøyrt seg med kommunen før dei tok avgjerda om å riva i staden for å byggja om.

Dei skriv og at løa no er bygd opp att som reiskapshus, ikkje som fritidshus, og at den er bygd etter teikningar som er godkjende frå kommunen.

Ekteparet vil ikkje kommentera saka til NRK, og svarar at dei vil venta med å kommentera saka til utval for plan og miljø har vore på synfaring neste veke.

Atle Tornes, rådmann i Fitjar

VURDERT: – Dei har kalla det eit uthus eller løe, men det ser mistenkeleg ut som ei hytte, seier rådmann i Fitjar, Atle Tornes.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Fokus på ulovleg bygging

I tida rundt 2008 var det stort fokus på ulovleg bygging frå politi og myndigheiter. Det vart innført strengare reglar, og fleire kommunar endra politikk frå å tilgi til å krevja riving.

NRK har tidlegare skrive om den store og hemmelege strandsoneaksjonen i Fitjar-øyane i 2008. Då vart det oppdaga om lag 20 moglege tilfelle av ulovleg bygging.

Saka som no har kome opp for Fitjar kommune skal handsamast i utval for plan og miljø i neste veke. Om gebyret på 160.000 kroner blir vedteke, blir det den største bota kommunen har gitt for brot på plan- og bygningslova nokon gong.