Hopp til innhold

Bygger opp ein heilt ny by frå grunnen av

Såkalla «new towns» vert planlagde frå fyrste spadetak. I dag opna fyrste bit av ein av Noregs siste nye byar i rekkja, Sotra kystby.

Sotra kystby

SOTRA KYSTBY: Blir dette Sotra sin «Blå stein»? I dag vart den fyrste delen av Sotra kystby i Fjell kommune opna. Foto/redigering: Sigurd Hamre

Medan ein kranglar om kor gammal Noregs eldste by, Tønsberg, eigentleg er, veks det fram nye byar, såkalla «new towns» som ikkje er grunnlagd av kongar, men som gjerne veks fram som eit resultat av eit samarbeid mellom kommunar og private aktørar.

Arne Smedsvig

– VANSKELEG: Det er mykje som må planleggast når ein bygger ein ny by frå grunnen av, seier landskapsarkitekt Arne Smedsvig.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

«New towns» er ei planlagd og målretta byutvikling, fortel landskapsarkitekt Arne Smedsvig.

– Det er ikkje lett å byggje opp ein slik by frå botn av, men det har vore gjort ein del. I England har ein bygd ein del nye byar eller «new towns». I Nederland gjer ein det same, og også i Finland.

I dag vert den fyrste delen av Sotra kystby i Fjell kommune opna. Dette er eit døme på ein ny by, bygd opp frå grunnen av, fortel Smedsvig.

– Utgangspunktet er vanskeleg. Det er prisverdig det dei gjer no, for å lage ein komplett by er ikkje lett. mange ting skal henge saman, men det ser lovande ut.

LES OGSÅ: Bygger kystby på Sotra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sotra kystby

SOTRA KYSTBY: Sotra kystby er målretta planlagd og bygd, og ein såkalla «new town», seier landskapsarkitekt Arne Smedsvig. Illustrasjonen er frå den delen av Sotra kystby som skal etablerast på Nordre Bildøy.

Foto: Mir/Liegruppen

Å bygge ein by

For utan Sotra kystby er eit døme på ein «new town» i Noreg, utbygginga på Fornebu, seier Smedsvig. Når ein bygger slike nye byar er det fleire ting å ta omsyn til, meiner han.

– Ein by er jo ein mangfaldig organisme som skal innehalde alt menneske trenger for å trivast og leve og å arbeide og bu.

– Finst det ein formel for korleis ein by skal sjå ut?

– Dei gamle oldtidsbyane var basert på ein kvartalsstruktur, så ei eller anna form for kvartalsstruktur bør det vere i ein by. Slik har ein bygd sidan oldtida, og det bør ein bygge vidare på i dag også.

– Tapiola i Finland er veldig fin, tykkjer eg. Den har natur inne i byen og ein god kvartalsstruktur. Det vil seie kvartal som ikkje er for store. Bykvartal bør ikkje vere større enn 70 gonge 70 meter. Blir kvartala veldig store, blir det kjedeleg. Det må skje noko på gateplan og vere nok av møteplassar.

– Ein stor dag for oss

Eli Berland

– STOR DAG: Ordførar i Fjell kommune, Eli Berland er meir enn nøgd med fyrste del av Sotra kystby.

Foto: NRK

Områdereguleringsplanen for Straume blei vedteken i Fjell kommunestyre i 2011. No står fyrste del av kystbyen klar. Vidare vil kystbyen omfatte Straumssundet, midtre-Bildøy og Bildetangen lengst nord på Bildøy.

I dag er den offisielle opninga av fyrste del av Sotra kystby i Fjell kommune. Frå å vere eit parkeringsbasert kjøpesenter har område blitt gjort om til ein tettstad med offentlege møteplassar.

– Det er ein stor dag for Fjell kommune og regionen, seier ordførar Eli Berland.

– Dette blir eit større tilbod til innbyggjarane våre. Me treng tilbod utanom ein arbeidsplass og butikkar.