Byggar for 130 mill. på Mongstad

Investeringsfondet EQT Infrastructure II, som i fjor haust kjøpte Mongstad administrasjon frå Trond Mohn for ein milliard kroner, ser føre seg å bruka store pengar på basen, skriv Nordhordland. Først skal dei bygga kai og LNG-anlegg til 130 millionar kroner. – Det er mykje som skjer i bransjen der ting vert konsolidert til større basar, der Mongstadbase vert den klart viktigaste, seier EQT-direktør Masoud Homayoun.