Hopp til innhold

Bygde do til 1,2 millioner - har ikkje råd til vask

No er den splitter nye turistdoen i Kvam stengd. – Turistane gjer frå seg i buskar og i hagar, seier fortvilte naboar.

Mundheim

PÅGANG: Grendalaget tel mellom fire og femten bussar om dagen ved stoppeplassen på Mundheim. Toalettet som vart stengd 1. juli står lengst til høgre i biletet.

Foto: BJØRN KJETIL HANSEN

Mange turistbussar om dagen stoppar på Mundheim i sesongen. Turistane har sine behov: Fotografering av Hardanger-naturen, beinstrekk – og andre naturlege behov.

Bygdefolket på Mundheim var lei av dei dårlege toalettilhøva i bygda. Derfor gjekk dei saman med Statens vegvesen og Kvam herad om å byggja eit toalett til 1,2 millionar kroner.

Heradet og vegvesenet bidrog med 200.000 kroner kvar. Resten skaffa fram bygdelaget på dugnad. Toalettet opna i november i fjor.

Mundheim

Har ikkje fått løn

– Toalettet vart vaska av ein person frå bygda frå november til juni, medan ein ventar på ein driftsavtale, seier Kristoffer Mundheim, leiar i Mundheim grendelag.

Men reingjeringspersonalet har ikkje fått løn. 1. juli stengde kommunen toalettet. Grunn: Tomt for pengar.

– No er me attende til det gamle, med urinering i buskar og i hagar. Ein har opplagsplass for ved, der stod dei og urinerte, seier Kristoffer Mundheim.

mundheim2

STENGD: Oppslag på toalettet på Mundheim.

Foto: BJØRN KJETIL HANSEN

– Det er greitt for mennene, verre for kvinnene, legg han til.

Kvam er ikkje den einaste plassen i Turist-Noreg turistane må halda igjen, eller la det stå til i naturen. Langs ei av landets mest populære turistvegar i Stryn er det også langt mellom toaletta.

– Må ordna opp

Fungerande rådmann Jon Nedkvitne er samd i at dosaka ikkje er god for Kvam.

– Me tok ansvar for å byggja toalettet, men det er ikkje meir pengar å driva toalettet på Mundheim, seier Nedkvitne.

Heradet har dekt utgifter til vedlikehald, papir og såpe.

– Eg reknar med at ho som har vaska, må få løn. Det må vi ordna opp i, seier Nedkvitne.

No er me attende til det gamle, med urinering i buskar og i hagar.

Kristoffer Mundheim, leiar av Mundheim grendalag

Han seier heradet leitar etter andre instansar som kan vera med og finansiera toalettet på Mundheim.

– Me har ikkje fått positivt svar frå verken Statens vegvesen, fylkeskommunen eller Skyss. Me eig toalettet, men det er ei fylkesveg, og me driv ikkje bussane, seier Nedkvitne.

– Kva er rådet ditt til cruiseturistar som kjem til Mundheim og må på do?

– Dei må prøva å finna andre løysingar, seier Nedkvitne.