Hopp til innhold

Gullbrå igjen isolert av snøskred

Eit nytt skred sperrar vegen i Eksingedalen og innbyggjarane på Gullbrå er på nytt isolert frå omverda. Sist tok det ti dagar før vegen opna igjen.

Snødekke i Eksingedalen

FRYKTA NYE SKRED: Og søndag føremiddag kom det. Her er fjellsida ved Trefall der eit ras gjekk i førre veke. Geologane frykta det ville kome meir ned. Raset har denne gongen gått ved Gullbrå, lenger inn i dalen.

Foto: Statens vegvesen

Det har berre gått ei veke sidan dei 28 innbyggjarane på Gullbrå i Eksingedalen fekk opna vegforbindelsen sin igjen, etter å ha vore innesperra av ras i ti dagar. Men søndag klokka 12.24 gjekk det nok eit ras på fylkesveg 344 i Eksingedalen.

Vegen er no stengt ved Brakestad og blir ikkje opna i dag.

– Det er så dårleg sikt i området at geologen ikkje får vurdert faren for nye ras, seier trafikkoperatør Jahn Marøy ved Vegtrafikksentralen til Bergensavisen.

Ekspertane frykta det ville skje

Ras i Gullbrå i Eksingedalen

Slik såg det ut sist det kom eit snøskred ved Gullbrå i Eksingedalen. Søndagens skred har gått 300 meter lenger inn i dalen.

Foto: Frøydis Gullbrå

Det er usikkert kor stort snøskredet er denne gongen. Geologen får ikkje sleppa til for å vurdera faren for nye skred før måndag. Det er dermed også usikkert kor lenge det blir stengt denne gongen

Sist innbyggjarane på Gullbrå var isolert av rasfare, sende kommunen inn naudforsyningar og medisin med helikopter.

I førre veke såg ekspertane sikre teikn på at det ville koma nye snøskred i fjellsidene i Eksingedalen. Det var særleg oppsprukke snødekke i bratte heng som gjorde at dei ikkje torde å opna vegen før laurdag førre helg.

– Me held pusten

Frøydis Gullbrå

Frøydis Gullbrå er ein av dei 28 innbyggjarane som nok ein gong er innesperra av eit snøskred.

I dag, ei knapp veke etter, kom altså eit nytt skred. Søndagens skred har kome kring 300 meter lenger inn i dalen, samanlikna med det første skredet som kom ned ved Gullbrå. På nytt er 28 innbyggjarar isolerte.

– Det er litt resignert haldning i bygda i dag. Me held pusten og håpar det ikkje skal bli like lenge stengt denne gongen som sist, seier Frøydis Gullbrå på telefon frå bygda.

Sist måtte dei leva med nye og oppdaterte meldingar om skredfaren frå dag til dag. Det kan fort bli slik denne gongen også.

Vande med skredfaren

Frøydis Gullbrå seier innbyggjarane er godt vande med å leva med faren for snøskred i Eksingedalen.

– Det som er nytt for oss er at dei stengjer når det er skredfare, at det er førebyggande. Vegen vart stengt allereie laurdag kveld.

– No kryssa me fingre og tær for at det ikkje blir lenge stengt denne gongen. Me heldt motet oppe.