Bybanetrasé til Åsane

  • BYBANEBYGGINGA STOPPAR OPP:

    Når Bybanen står ferdig på Flesland i 2017, vil det bli eit opphald i bygginga, skriv BA.no i dag. Årsaka er at politikarane i Bergen fyrst drygde med å avgjere korleis Bybanen skulle gå til Åsane, for så å vedta ein trasé som ikkje var ferdig greia ut.

  • KRF RETT I MØTE:

    KrF-politikarane har gått rett i møte på rådhuset etter resultatet av avstemminga i bystyret. Eit fleirtal med 34 stemmer stemte for bybanetunnel ved Kjøttbasaren. Samstundes vedtok bystyret ei bil- og banefri Bryggen, med 15 representantar frå Høgre og Frp som stemte mot sitt eige byråd. Saka kan ende med at KrF forlèt byrådet.

  • - DER RØK BYRÅDSSAMARBEIDET

    Julie Andersland i Venstre om resultatet av avstemminga i bystyret.

    Laster Twitter-innhold
  • AP SITT FORSLAG FEKK FLEIRTAL:

    Arbeidarpartiet sitt forslag om å "utvikle fremtidens bybane ut fra forutsetning om at Bryggen skal være bil- og banefri" fekk fleirtal i bystyret. Raudt, MDG, Sp, Arbeidarpartiet, ni fra Høgre og fem frå Frp går inn for punkt seks om bil- og banefri brygge. Dermed får dette fleirtal med 37 stemmer. No blir det spennande å sjå kva KrF gjer.