Hopp til innhold

Bybanen spora av midt i kryss

Skapte trøbbel for trafikken i Bergen sentrum

Bybanen spora av i Bergen sentrum

HINDRAR TRAFIKKEN: Bybanen har spora av midt i eit av Bergen sentrums mest trafikkerte gater. Vanlegvis får bilane køyra vidare mot venstre her, men no blir dei dirigert om inn i Kaigaten.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Avsporinga skjedde i Kaigaten, der Bybanen har endestopp ved Byparken. Her kryssar vognene trafikkerte Christies gate, og avsporinga skapte trafikale problem.

Bybanen spora nemleg av midt i krysset og hindra derfor trafikken i sentrum.

– Avsporinga er heilt udramatisk, men den står midt i krysset. Så no kjem ingen forbi i Christies gate, sa vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen Hordaland.

Ingen personar kom til skade.

Politiet dirigerer

Politiet var på plass for å dirigera trafikken. Brannvesenet var også der for å hjelpe til med å få vogna på sporet igjen.

Det er langt frå første gong at Bybanen sporar av ved endestasjonen i Bergen sentrum.

Klokka 13.10 melder brannvesenet at bybanen er tilbake på sporet att. Politiet seier vogna er trekt ut av krysset og at trafikken no flyt forbi mykje betre.

bybanen