NRK Meny
Normal

Bybanen spora av og skapte trafikktrøbbel

Bybanen sperra Kaigaten i Bergen sentrum etter avsporing.

SPORA AV: Kollektivtrafikken blei råka hardt av avsporinga i Bergen sentrum.

Ingen personar kom til skade då ei bybanevogn spora av i Kaigaten i Bergen ved 14-tida måndag, like ved endestoppet i Byparken.

Vogna var på veg sørover og hadde låg hastigheit då den spora av like etter å ha passert krysset mellom Christies gate og Kaigaten.

Kaigaten blei sperra for trafikk etter avsporinga.

– Har spora kraftig av

Brannvesenet rykka ut for å hjelpa til med å løfta vogna tilbake på plass.

– Det ser ut til at vogna har spora kraftig av, sa vaktkommandøren ved 110-sentralen til NRK.

Avsporinga skal ha skjedd i samband med sporskift i Kaigaten.

– Dette er ein stor operasjon. Avsporinga er ganske betydeleg, og det vil ta mykje lenger tid enn vi først trudde. Det kan ta fleire timar å rydda opp, sa politiets innsatsleiar Frank Liestøl måndag ettermiddag.

Brannvesenet rydda opp etter avsporing på bybanen i Bergen

SLEP: Brannvesenet i ferd med å slepe bybanevogna vekk.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Store konsekvensar for kollektivtrafikken

Bybanestasjonane Byparken, Nonneseter og Bystasjonen blei tatt ut av drift. Hendinga råka all busstrafikk gjennom sentrum og ga ringverknader for busstrafikken i bydelane og kommunane rundt Bergen.

I 21-tida melder Statens vegvesen at Kaigaten er opna for trafikk. Bybanen går som normalt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.