NRK Meny
Normal

Bybanen tilbake på sporet i Bergen

Bybanen spora av ved Lagunen i Bergen. Etter fleire timar med arbeid er vogna tilbake på skjenene igjen.

Bybanen spora av ved Lagunen i Bergen

Mannskap jobba i morgontimane med å løfta bybanevogna tilbake på plass.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det var like før klokka 06.30 at brannvesenet og politiet vart varsla om avsporinga på Bybanen.

Ingen personar kom til skade. Avsporinga skjedde under lav fart med tom bybanevogn då den skulle snu ved endestoppet Lagunen sør for Bergen sentrum.

Det går no bussar mellom Lagunen og Mårdalen. I går kveld var det store problem på Bybanen mellom Mårdalen og Lagunen på grunn av feil på ein sporveksel.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd i dag, Vi må undersøke vogna først. Men det har ikkje skjedd med same sporveksel som det var trøbbel med i går, seier driftsleiar Jan Ove Halsøy til NRK.

Tilbake på sporet

Bybanen går som normalt mellom Byparken og Mårdalen. Klokka 09.15 er bybanen tilbake på skjenene igjen.

Men driftselskapet Keolis melder om at alt må kontrollerast og undersøkast før linja mellom Mårdalen og Lagunen kan opna igjen.

Sjå video av arbeidet med å løfte bybanevogna tilbake på plass. Foto/Redigering: Dag Harald Kvammen Andersen.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.