Hopp til innhold

Bybanen er kåra til årets anlegg

Blant tre nominerte anlegg var det byggetrinn to av Bybanen som vart kåra til årets anlegg av Byggeindustrien for 2013. – Det betyr mykje, seier prosjektdirektør i Bergen Bybane, Roger Skoglie.

Bybanen kåra til årets anlegg 2013 av Byggeindustrien

HEIDRA: Fylkesrådmann Rune Haugsdal og prosjektdiretør i Bergen Bybane, Roger Skoglie var svært nøgde med å få tildelt prisen for årets anlegg på vegne av Bybanen.

Foto: Trond Joelsen / Byggebransjen

Saman med fylkesrådmann Rune Haugsdal var Skoglie på plass i Oslo under byggenæringa sin festaften i samband med Byggedagane 2014. Der vart Bybanen byggetrinn to mellom Nesttun og Lagunen kåra til årets anlegg for 2013, av fagpressa Byggeindustrien.

– Det å få ein slik pris er no først og fremst ei heidring frå bransjen sjølv om at vi har utført eit godt stykke arbeid, seier Skoglie.

– Eit prosjekt med nytteverdi

«Et fremragende, fremtidsrettet og komplisert byutviklingsprosjekt som er gjennomført på en overbevisende måte. Muliggjort ved et spleiselag mellom stat, fylke, kommune og trafikantene ved bompenger»

Det var grunngjeveinga juryleder Arne Skjelle gav, skriv Bygg.no, som er Byggeindustrien sin nettstad.

– Dette handlar om at Bybanen er betrakta som eit prosjekt som har stor nytteverdi. Det har kvalitetar i seg som gjer at det har varige verdiar. Det er eit prosjekt som skal vare veldig lenge, og har av den grunn i seg gode kvalitetar. Det har noko å gjere med samspelet mellom fylkeskommunen, Bybanen og utbyggarar har vore gjennomført på ein god måte, og at det er eit prosjekt med god miljøverdi, fortel Skoglie.

– Det betyr ein heil del

Han hadde ikkje forventa at det var dei som skulle stikke av med heidersprisen.

– I slike samanhengar kan ein aldri forvente å vinne noko. Det er snakk om hundrevis prosjekt som er vurdert og dei enda opp med å nominere tre, så vi hadde ingen forventningar om å vinne dette.

– Korleis skal de ta med dykk dette i det vidare arbeidet med Bybanen?

– Først og fremst er det ei anerkjenning på at vi gjer ting på ein god og riktig måte, og det betyr sjølvsagt ein heil del. Og så er det jo ei anerkjenning frå bransjen så det er viktige og gode ting å ta med seg vidare, seier Skoglie.

Bybanen i Bergen på Nesttun

ÅRETS ANLEGG: Bybanen sitt anlegg mellom Nesttun og Lagunen er kåra til årets anlegg for 2013 av fagpressa Byggeindustrien.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK