NRK Meny
Normal

– Bybanekaoset skapar politikarforakt

Den politiske tautrekkinga kring val av bybanetrasé til Åsane skaper politikarforakt, meiner ordførar i Osterøy, Kari Aakre. Ho trur kaoset dei siste dagane røyner på tilliten til byrådspolitikarane.

Den politiske tautrekkinga kring val av bybanetrasé til Åsane skaper politikarforakt, meiner ordførar i Osterøy, Kari Aakre. Ho trur kaoset dei siste dagane går på tilliten laus.

– KLØNETE OG KAOTISK: Ordførar i Osterøy, Kari Aakre får støtte frå Frank Aarebrot og veljarar på Bybanen i Bergen: den politiske tautrekkinga kring val av bybanetrasé til Åsane, fører til politikarforrakt blant veljarane. Her er Byrådet i Bergen samla før KrFs Filip Rygg (bak til høgre) gjekk av på grunn av striden kring trasévalet. Kulturbyråd Helge Stormoen var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

Striden om kvar bybanen skal gå gjennom sentrum og vidare til Åsane har endå ikkje fått ei ende.

Byrådspartia har diskutert ulike trasear, ulike avtalar, ulike samarbeid, og KrFs byråd Filip Rygg har gått av på grunn striden kring trasévalet som etter kvart har blitt ei betent sak for byrådet i Bergen.

Kari Aakre

– BARNEHAGEOPPFØRSEL: – Når dei surrar slik dei gjer no, så må eg seie at eg blir skeptisk til korleis me skal samarbeide, seier ordførar i Osterøy, Kari Aakre.

Foto: NRK

– Det minner meg litt om barnehagespråk og barnehageoppførsel, seier ordførar i Osterøy kommune, Kari Aakre (Ap).

– Eg tenkjer at det er eit forferdeleg rot, og som ordførar i ein omegnskommune er eg alvorleg uroa for kvar dette skal ende med tanke på at me er avhengige av å ha eit godt forhold til Bergen og dei som styrer der.

Utskiftingane av byrådar fører til at det tek tid å komme inn i og bygge eit godt samarbeidsforhold med byrådet, meiner Aakre.

– Når dei i tillegg surrar slik dei gjer no, så må eg seie at eg blir skeptisk til korleis me skal samarbeide. Når folk som i utgangspunktet skal samarbeide snakkar stygt om kvarandre i det offentlege rom, så øydeleggar det tillitsforholdet som dei må ha seg imellom viss dei skal samarbeide.

– Skapar dette politikarforakt?

– Det er jo uro nummer to. Ein ting er at politikarane skal ha tillit seg imellom, men tillit som folkevald får du frå dei som vel deg, og ein må jo lure på kva veljarane tenkjer etter kvart.

LES OGSÅ: Bybanen skal legges i tunnel - Hordaland

LES OGSÅ: Ap sier nei til Kjøttbasaren - Hordaland

Kva seier veljarane?

Kåre Kvigne

– KLØNETE: – Politikarane har handtert bybanesaka på ein forferdeleg klønete måte, seier veljar Kåre Kvigne.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

På bybanen i Bergen sit veljarane som sjølve har sine synspunkt på kva bybanedebatten gjer med omdømmet til politikarane.

– Politikarane har handtert bybanesaka på ein forferdeleg klønete måte. Heilt på trynet. Det siste ordet er vel ikkje sagt enda tenkjer eg, seier Kåre Kvigne.

– Skapar det politikarforakt?

Bjørg Venø

KAOSET SKAPAR POLITIKARFORAKT: Det seier veljar, Bjørg Venø.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– På ein måte gjer det, det. Dei går bak ryggen på kvarandre og splitter opp partia. For meg verkar det sprøtt.

Bjørg Venø meiner diskusjonen kring bybanetrasé no mest av alt liknar på eit stort kaos.

– Det kaoset som er no er forferdeleg. Dei er ikkje skikkelege politikarar når dei ikkje klarer å bli einige. Det er ikkje tvil om at det som skjer no skapar politikarforakt og gjer at folk har mindre tillit til politikarane. Det trur eg absolutt.

LES OGSÅ:

– Politikarane har vore dumme

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot sa til NRK sist veke at han meiner byrådet i Bergen ikkje har skjønt sin eiga styringsform. Han kallar prosessen rundt val av bybanetrasé for vanvitig.

Frank Aarebrot

– VANVITIG: Denne prosessen har vore vanvitig, seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Politikarar kan vere dumme, og i bybanesaka har politikarane i Bergen vore dumme. Denne prosessen har vore vanvitig.

Aarebrot meiner politikarar må få lov til å gjere feil, og at dei likevel kan vere kloke i andre saker.

– Det kan godt hende at dei er flinke til å drive skule og eldreomsorg likevel.

– Men når innbyggarane meiner at politikarar tullar, så må politikarane tole å høyre det. Det er betre at veljarane seier høgt at dei oppfører seg som ein gjeng med barnehageungar enn at dei held det for seg sjølv og får forakt for politikarane.

– Bergenspolitikarane er til å stole på

Ragnhild Stolt-Nielsen

IKKJE UROA: – Me held avtalane som me inngår. Bergenspolitikarane er til å stole på, seier Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Byrådsleiar Ragnhild Stolt – Nielsen trur ikkje Aakre har grunn til å vere uroa for at turbulensen kring byrådet skal gjere at folk mister tilliten til politikarane.

– Me held avtalane som me inngår. Bergenspolitikarane er til å stole på.

– Når det no har vore mykje turbulens, forstår eg at det kan sjå underleg ut utanfrå. Men me som jobbar i Bergenspolitikken til dagleg er vande med at det kan bli høg temperatur. I tillegg er dette ei spesiell sak som har vore betent i over eitt år.

LES OGSÅ: – Tillitten er tynnslitt i byrådet - Hordaland

– Når det er sagt må ein tole å sjå at Bergenspolitikarane blir sterkt engasjerte i ei sak utan at det blir sådd tvil om me er kapable til å samarbeide.

Stolt – Nielsen seier det endå ikkje er råd å seie kva som vert utfallet i saka.

– Det er viktig for oss at me står samla no, men saka lever sitt eige liv og eg kan ikkje seie kva som blir resultatet på tysdag før ordførarklubba slår i bordet.

– Arbeidarpartiet har vore ryddige

Tilliten til politikarane i Bergen har Ordførar i Osterøy, Kari Aakre (Ap) enda ikkje mista, men ho er uroa for korleis ho skal tolke møta dei skal ha framover.

– Me kan jo ha eit møte der me blir einige om noko, og så bli usikre på kor lenge det varar.

Ho trur veljarane no har ein del ting å tenkje over før neste val.

– Eg trur dei tenkjer at dei må tenkje seg grundig om før dei går til val neste haust, og bestemmer kven som skal styre byen. No ser eg at Høgre har fristilt sine politikarar i bystyret og da får me sjå korleis dei vil oppføre seg der med tanke på alt som har skjedd.

– Korleis har Arbeidarpartiet oppført seg då?

– Eg tykkjer dei har vore ryddige. Dei har forhandla når dei har blitt bedt om det, og dei har stått på sitt, seier Aakre.

LES OGSÅ: – Rart at Rygg har gått av - Hordaland

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik