Hopp til innhold

Bustadbrann på Voss

  • BRANNEN UNDER KONTROLL:

    Ein har no kontroll etter brannen i bustadhuset på Voss. Huset er søkt gjennom og alle personane er i tryggleik. Det går ikkje an å bu i huset, og bebuarane som kom seg ut av huset vil bli innlosjert hjå familie, ifølgje politiet. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

  • REDDA UT HUND:

    Brannvesenet driv no ettersløkking etter bustadbrannen på Voss. Skadeomfanget er førebels ukjend. – Då røykdykkarane tok seg inn i bustaden under brann, fann dei ein hund. Den vart henta ut og er i live, fortel vaktkommandør Torkjell Hjelle ved 110-sentralen i Hordaland.

  • BEKREFTAR BRANN:

    Vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen bekreftar at det brenn i eit bustadhus på Voss. – Det er flammar og røyk. Personane som bur i huset har kome seg ut og står utafor.