Hopp til innhold

Næringslivet vil ha byggeboom i Bergen

Byrådet har ambisjonar om doble folketalet i «det sentrale Bergen» i løpet av 25 år. No føreslår næringslivet i byen eit mål om 10.000 bustadar på 10 år.

Utsikt fra Fløyen ut over Bergen sentrum

VIL DOBLE FOLEKALET: Byrådet har ambisjonar om å doble folketalet i Bergen sentrum dei neste 25 åra.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I dag bur det rundt 40.000 menneske i Bergen sentrum, men i løpet av dei neste 25 åra har byrådet ambisjonar om at dette talet skal fordoblast til 80.000.

Næringslivet vil gjerne hjelpe til med å nå målet, og føreslår no å byggje 10.000 bustadar dei neste ti åra.

– Vi meiner det er fullt mogeleg å få til, men det krev politisk vilje, seier rådgjevar i Bergen næringsråd, Krister Hoaas.

– For strenge krav i dag

Men om vi skal lukkast, meiner Bergen næringsråd at kommunen må gjere det enklare for private aktørar å setje i gong med bygging.

– Utfordringa er at kommuneplanane er for detaljerte og blir til hinder for auka bustadbygging i sentrum, seier rådgjevar i næringsrådet, Krister Hoaas.

Mellom anna blir krav til uteareal og parkering påpeika som krav som næringsrådet meiner bør gjerast mindre bindande.

– Vi må setje oss ned, samarbeide og sjå på kvart enkelt prosjekt for å vurdere kva som er rimeleg og godt nok i kvar enkelt tilfelle.

Krav om seks kvadratmeter balkong

Eit eksempel Bergen næringsråd trekk fram er at alle nye bustadar ha ein balkong på seks kvadratmeter. Dette driv kostnadane opp og gjer det vanskelegare å bygge i sentrum, meiner dei.

– 10.000 bustadar er eit hårete mål, men vi kan faktisk klare det. Det føreset berre at det må bli enklare og lettare å bygge bustadar, eller gjere næringsareal om til bustadområde i Bergen sentrum, avsluttar Hoaas.

I kommuneplanen står det følgjande: "Eit livskraftig sentrum med tiltrekkingskraft på bydelane, omland og tilreisande er viktig for byen sin identitet og konkurransekraft". Den blei vedteken av bystyret like før sommaren.