Hopp til innhold

Bussjåfør framleis innlagd

Den 65 år gamle bussjåføren som blei angripen på Birkelundstoppen i oktober i fjor, er framleis innlagd på sjukehus, skriv BA. Ifølge bistandsadvokat Einar Drægebø har mannen mist synet på det eine auga, medan synet på det andre er sterkt redusert. I tillegg har mannen fått andre omfattande skader. Ein 36-åring sit enno i varetekt.