NRK Meny
Normal

Buss sklei inn i mur – passasjerar sperra inne

Glatte vegar har ført til ei rekkje trafikkuhell.

Buss i vegg i Arna

BUSS I VEGG: Ein buss har sklidd inn i ein vegg i Ytre Arna.

Foto: Bergen Foto og media

I løpet av to timar har det vore fleire trafikkulukker i Hordaland. Det starta på Åsebøflaten på Askøy, der tre bilar sklei utfor vegen.

Ikkje lenge etter kom det melding om at ein bil hadde køyrd i fjellveggen på E39 ved Totland i Lindås kommune. Ei kvinne blei frakta til legevakt med hovudskadar.

I Ytre Arna sklei ein buss inn i ein vegg, og brannvesenet rykte ut for å hjelpe passasjerar ut av bussen.

Laster Twitter-innhold

Vogntog sperrar veg

– Det er to eller tre passasjerar i bussen. Dei er ikkje skadd, men dei kjem seg ikkje ut av bussen då dørene er sperra. Brannvesenet er på staden, og det blir no jobba med å få dei ut av bussen, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

I 12.15-tida hadde passasjerane kome seg ut av bussen, som hadde blitt flytta vekk frå muren.

Like etter måtte politiet rykke vidare til Breistein i Åsane, der eit utanlandsk vogntog fekk problem på glatta.

– Bilen sperrar vegen, noko som skapar problem. Folk kjem seg mellom anna ikkje til eller frå Osterøy-ferja. Det er bestilt tungbilredning for å få bilen vekk, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Ingen av uhella er det meldt om alvorlege personskadar.

Politiet og Vegtrafikksentralen åtvarar mot vanskelege køyreforhold.

– Køyr forsiktig

Trafikkoperatør Idar Sangholt ved Vegtrafikksentralen, seier det er sendt ut strø- og brøytebilar fleire stader.

– Det kom eit vêromslag i morgontimane, og vi har fått melding om ein del glatte vegar.

– Kvar er det verst?

– Vi har fått meldingar om glatte vegar på Askøy, og meldingar om at det har kome ein del snø i Nordhordland og i indre strøk. Vi har kalla ut saltebilar.

Sangholt oppfordrar folk til å køyre etter forholda, og rapportere inn til Vegtrafikksentralen dersom det er noko å melda frå om.

Siste video

Annika Beinnes synger Solveigs sang i båten "Babben"