NRK Meny

Buss på vippen på Voss

Ein buss med sjåfør og éin passasjer har køyrt av vegen ved Vangsvatnet på Voss. Bussen skal stå halvvegs på sida og i fare for å kvelva, seier vaktkommandør Torkjell Helle i 110-sentralen i Hordaland. – Verken sjåfør eller passasjer tør ta av seg setebelte. Bussen risikerer å tippa over, ned i grøfta, seier Helle. Brannvesenet er på veg.