Illustrasjon.
Det kjem fram i ein ny rapport som Transportøkonomisk institutt har gjort for Vegdirektoratet.
Få midlar
Etter at bygginga av dei nye hovudsfartsårene inn til byen starta på midten av 80-talet, har kollektivtilbodet blitt langt dårlegare, fortel forskningsleiar Jon Inge Lian.
- I Bergen har ikkje noko av midlane blitt øyremerka kollektivtransport. Ein har heller ikkje bygd bussfelt. I tillegg har ein i Bergen gradvis redusert tilskota til kollektivtransport, listar Lian opp.
Tilskotsmengda til kollektivtransport i Bergen er no under ti prosent.
Slått av Oslo
Desse faktorane som kjem fram i rapporten til Lian har ført til at kollektivtrafikkutviklinga i Bergen har vore svakare enn i andre store norske byar.
I Oslo til dømes har bussane tent på at bilistane har betalt bompengar.
- I Oslo har mykje av midlane gått til å laga kollektivfelt. Trafikken der flyt difor på ein heilt anna måte, fortel Lian.
I mindretal i fylket
Han meiner årsaka til at tilstanden i Bergen er så mykje dårlegare enn i hovudstaden, er at politikarane har mindre innflyting her.
- Det er jo fylket som gir subsidiar til kollektivtransporten, og Bergen kjem til dels i mindretal i Fylkestinget, påpeikar han.