NRK Meny
Normal

Bryt sperringane for å hente tinga sine

På eit krisemøte for dei evakuerte i Odda i dag åtvara politiet mot å bryte politisperringane.

politi

SPERRING: Tilkomsten til elva er sperra.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Krisemøte Odda

KRISEMØTE: Folk i Odda samla på rådhuset.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Me er først og fremst takksame for at ingen liv har gått tapt. Men me er lei oss for dei som har mista huset sitt.

Slik innleia politioverbetjent Øystein Torsnes møte for dei evakuerte i Odda. Det var ein fullsett kommunestyresal på rådhuset i Odda då politiet og Odda kommune kalla inn til eit informasjonsmøte klokka 13.00 i dag.

Totalt er 68 personar er evakuerte i den vesle kommunen. Totalt har fem hus, fleire uthus og garasjar og ein buss hamna i elva i løpet av natta. Fleire hus står i fare for å rase ut i elva. Kommunen har no sett i gang eit kommunalt kriseteam for dei som har mista heimane sine.

– Kan vere veldig farleg

Politioverbetjent

BER FOLK RESPEKTERE SPERRINGANE: Politioverbetjent Øystein Torsnes ber folk halde seg innanfor politisperringane.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Vestlandet har vore ramma av store nedbørsmengder og flaum det siste døgeret. På Voss i Hordaland har det vore 200-årsflaum, og i Flåm i Sogn og Fjordane er fleire hundre personar evakuert frå heimane sine.

På møtet på rådhuset i dag fortalde politiet at dei brukar mykje tid og krefter på folk som bryt politisperringane. No ber dei folk respektere sperringane som politiet har sett opp.

– Det er mange som vil inn i husa sine og hente ting. Mange vil naturlegvis også sjå korleis det står til med huset sitt.

Andre er skuelystne og går forbi sperringane fordi dei er nysgjerrige, ifølgje politisjefen.

– Det kan vere særs farleg og er heilt klart ein risiko. Me set desse sperringane langt ute fordi me ikkje har full oversikt over kor grunnen er utrygg. Elvane kan ha grave ut grunnen utan at ein ser det, seier Torsnes.

– Rosar kommunen

registrering

REGISTRERING: På møtet blei alle dei evakuerte registrerte av kommunen.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Sjølv om det var ei dempa stemning på møtet var det likevel stor applaus då kommunen informerte om arbeidet sitt. Fleire av bebuarane rosa dei som har stått på.

møtte også kritikk frå éi kvinne som fortalde at ingen hadde varsla ho om evakuering då uthuset hennar byrja å rase ut i elva.

– Eg måtte berge meg sjølv. Eg sat å såg på uthuset og var redd for kva som skulle skje med mitt eige hus, sa kvinna til politiet på møtet i dag.

Politiet svara kvinna at det er trasig om nokon har gløymt å varsla ho, og at politiet skal sjå nærare på kva som har blitt gjort.