NRK Meny
Normal

Høgre bryt samarbeidet med Frp i Fjell

Høgre meiner at Frp ved fleire høve har brote den politiske avtala mellom dei styrande partia i kommunen, og har difor valt å bryte samarbeidet med Frp.

Ordfører Eli Berland med forkastede stemmer

BRYT SAMARBEIDET: – Det formelle samarbeidet mellom Frp og Høgre i Fjell er brote, seier ordførar Eli Berland. Foto: Halvor Folgerø / NRK

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Dette er noko som har bygd seg opp over tid, og no er det formelle samarbeidet mellom Frp og Høgre brote, seier ordførar i Fjell kommune Eli Berland (H).

I Fjell kommune har Høgre, Frp og KrF vore dei styrande partia og hatt fleirtal i kommunestyret.

Allierte seg med dei andre

I juni i fjor vedtok kommunestyret i Fjell kommune at Ekerhovd skule skulle leggast ned. Frp endra så meining og ville ta opp igjen saka i kommunestyret, mot ønsket til Høgre og KrF. Her endra Frp meining og allierte seg med dei andre partia.

– Her er det snakk om økonomi og dette er ledd i eit stort arbeid når det gjeld skulestrukturen totalt. Å kome ni månadar etter eit vedtak og be om å få det omgjort går ikkje, seier Berland.

NRK visste at det kunne gå mot brot, og ved kommunestyret i dag bestemte Høgre i Fjell seg for å bryte samarbeidet med Frp.

– Vi har hatt fleire møter med Frp. Så dette kom ikkje som ei overrasking i dag, seier Berland.

Kommunestyret i Fjell

KOMMUNESTYRET I FJELL: Her behandla kommunestyret i Fjell skulenedlegging i fjor.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Er jo sjølvsagt skuffa

Torgeir Benjamin Nyborg i Frp synest at det er synd at Høgre og Frp no må bryte samarbeidet.

– Vi ville sjå om det var mogeleg å forbetra samarbeidet, men det var Høgre ikkje interessert i, og det fekk vi vita om før kommunestyremøtet i dag, seier Nyborg.

Nyborg er ikkje einig i utsegna til Høgre om at Frp ved fleire høve har brote den politiske avtala mellom dei styrande partia.

– Eg er ikkje heilt einig i at vi fleire gonger har gått imot det som har vore avtalt, men Frp har gått til val på våre ting og vi kjem også til å stå for det som ligg nedfelt i samarbeidsplattforma, seier han.

– Kva er forhold dykkar til Høgre no?

– Vi ber ikkje noko nag til Høgre. Men vi er jo sjølvsagt skuffa og føler vi har fått litt urettferdig behandling, seier Nyborg.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo