Hopp til innhold

Brutalt valdtektsforsøk: Kvinne vart sparka og drapstruga

Ei 30 år gamal kvinne vart slått og sparka i hovudet av ein mann som prøvde å valdta henne på gata i Bergen i natt.

Valdtekstforsøk i Rosenbergsgaten

GROVT OVERFALL: Ei kvinne vart drapstruga, slått og sparka då ein jamaldrande mann prøvde å valdta henne i krysset Rosenbergsgaten/Sigurds gate i natt. Personen på biletet har ikkje noko med saka å gjera.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Politiet fekk klokka 02:53 natt til torsdag melding om at kvinna hadde blitt forsøkt valdteken i krysset mellom Rosenbergsgaten og Sigurds gate på Nygårdshøyden i Bergen.

Drapstrussel

– Mannen prøvde å truga til seg seksuell omgang, elles skulle han drepa henne, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Ho har forklart at då ho skreik til, overfall mannen henne og både slo og sparka henne i hovudet.

Kvinna klarte å komma seg inn i ei leilegheit i nærleiken. Ho er no til behandling på Bergen legevakt.

Rosenbergsgaten

Etterlyser lyshåra bergensar

Mannen skal ifølge kvinna ha halvlangt mellomblondt hår, snakka bergensdialekt, ha nordisk utsjånad, og vera i underkant av 30 år. Han gjekk i dongeribukse, og hadde på seg ei kvit lue som han tok av seg då han sprang frå staden.

Politiet ventar på meir opplysningar frå henne, og etterlyser vitne.

– Vi ber folk som kan opplysningar ta kontakt på telefon 02800, seier Thue.

Det har vore dei siste åra vore ei overfallsvaldtekt og to valdtektsforsøk i akkurat dette området.