Hopp til innhold

Blei brutalt overfalt ved leikeplass

Ein mann i trettiåra blei innlagt på sjukehus i helga etter å ha blitt utsett for brutal blind vald. – Det er sjeldan me ser saker som dette, seier Nils Inge Romslo i politiet.

leikeplass

BLIND VALD: Det var på denne leikeplassen ved busstoppet ved Trollbekken på Eidsvåg at mannen i trettiåra blei brutalt overfalt.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Det var laurdag føremiddag at politiet blei ringt av mannens sambuar som fortalde om hendinga natta før.

Mannen i trettiåra hadde vore i Bergen sentrum og klokka 03.00 tok han bussen frå sentrum og heim til Eidsvåg.

– På bussen har han kome i prat med to personar. Dei kjende ikkje kvarandre frå før, men dei skal ha hatt ein noko oppheta diskusjon, seier Nils Inge Romslo, seksjonsleiar ved Bergen nord politistasjon.

– Ei stygt tilfelle av blind vald

Mannen gjekk av på busstoppet ved Trollbekken på Eidsvåg, der skal to menn ha følgt etter han, og ved ein leikeplass like ved skogveien har mannen fått ei slag i hovudet bakfrå og gått i bakken, fortel Romslo.

– Medan mannen låg på bakken skal dei to ha halde fram med å både slå og sparke han før dei til slutt stakk frå staden.

Hendinga skal ha skjedd like ved huset der mannen bur, og etter det NRK kjenner til kom han seg sjølv heim og sambuaren køyrde han til sjukehuset.

– Dette er eit stygt tilfelle av blind vald. Det er sjeldan me ser saker som dette, me ser særs alvorleg på det, seier Romslo.

Alvorleg skadd

På Haukeland sjukehus måtte mannen sy fire sting etter eit kutt i augebrynet, og han skal ha hatt ribbeinsbrot.

Mannen blei innlagt til observasjon over natta på grunn av fare for indre blødingar etter slag og spark mot hovudet.

– Politiet har oppretta sak, men me har førebels ikkje fått avhøyrt mannen, det håpar me å få gjere i dag, seier Romslo.

Ynskjer tips frå publikum

Politiet ynskjer no tips frå folk som har vore i området ved Eidsvollskogen natt til laurdag.

– Me veit lite om dei eventuelle gjerningspersonane, men det skal vere to norske menn, truleg frå Bergensområdet.

Dersom nokon har tips i saka kan dei kontakte politiet på telefon 55 25 55 00.