Om alt går etter planen skal Europas lengste gang- og sykkeltunnel opna i 2023. Då opnar Bybanen si linje til Fyllingsdalen.
Mellom Minde og Fyllingsdalen skal banen gå i ein 2,9 kilometer lang tunnel under Løvstakken. For tryggleikens skuld blir det bygd eit parallelt tunnelløp som skal fungera som rømmingsveg.
Denne tunnelen skal også bli ein ny snarveg for gåande og syklande mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum.
Lengda på tunnelen har gjort at utbyggarane har spurt seg om folk faktisk torer å bruka tunnelen.
– Å finna gode og sikre løysingar har vore ei kjempeutfordring. Det å oppleva at ein er trygg i ein tre kilometer lang tunnel, er noko anna enn om sjølve anlegget er trygt, seier sjef for anskaffingar og totalentreprisar i Bybanen Utbygging, Ole Wilhelm Mortensen.
Leigde inn psykolog
I planleggingsarbeidet vart det henta inn ein arkitekturpsykolog. Han har vurdert kva tiltak som kan gi dei mjuke trafikantane eit best mogleg møte med fjellet.
Mellom anna skal det sprengast ut større fjellrom, tilsvarande slik det finst i Lærdalstunnelen, for å gi naturlege avbrekk på den tre kilometer lange vegen under Løvstakken.
I tillegg har ein diskutert korleis ein kan motverka at det skjer overfall inne i tunnelen.
– Me har jobba mykje med lyssetting, overflater og sikre opne plassar inne i tunnelen. Me har også vore obs på at me ikkje har skarpe hjørne, slik at det er oversiktleg og ein kan sjå kva som skjer framfor seg, forklarar Mortensen.
Valdtektsproblematikk sentralt
Bybanen Utbygging planlegg å plassera ut rundt hundre overvakingskamera i tunnelen, som blir plasserte med 20 til 40 meters mellomrom. For kvar 250. meter skal det stå naudtelefonar.
Mortensen seier problemstillinga med moglege valdtekter har vore svært sentral i planlegginga.
– Det er vesentleg å laga ei utforming som gjer det minst mogleg sannsynleg at noko slikt kan skje. Det er også viktig at me har overvaking slik at om noko skulle skje, blir det filma og dokumentert.
Syklistane positive
Med sykkel vil det ta kring ni minutt å koma seg gjennom tunnelen, 39 minutt for gåande.
Det er enno ikkje bestemt om tunnelen skal vera open om natta, i dei timane Bybanen ikkje går i trafikk.
Syklistar i Bergen verkar å vere positive til både tunnelen, og dei tiltaka som blir gjort.
– Eg vil kanskje tenkt litt over det om eg skulle bruka den om kvelden, særleg som gåande. Men eg føler meg trygg på sykkelen og det blir veldig mykje enklare å pendla til byen når tunnelen opnar, seier Heidi Bøhagen.
– Om tunnelen er godt nok belyst, så er det avskrekkande og det vil førebygga handlingar som vald og overfall. Eg ville utan tvil nytta meg av tunnelen, seier syklist Trond Svindal.
Halv milliard
Klimabyråd Julie Andersland (V) føler seg trygg på at dette er ein tunnel folk kjem til å bruka. Det viser også prognosane.
– Det er klart at det er ein lang tunnel, men eg trur mange kjem til å bruke den. Dess fleire som brukar den, dess tryggare vil den kjennast.
Prislappen for to ferdigstilte tunnelar gjennom Løvstakken ser ut til å bikka 1,2 milliardar kroner. Gang- og sykkeltunnelen kostar aleine 500 millionar kroner.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at det var omgjeringa av tunnelen, frå ein enkel rømningstunnel til ein gang- og sykkeltunnel, som kosta kring 500 millionar kroner.