Hopp til innhold

Brukar VM som treningsøkt

Aleksander Dale Oen går frå mesterskap til mesterskap. VM som startar i Manchester i dag tar han som ei rein treningsøkt!

Alexander Dale Oen

IKKJE FOKUS PÅ MEDALJAR: Tar VM som ei treningsøkt før OL.

Foto: JOHN THYS / AFP

Dale Oen har hatt EM og OL som dei viktigaste måla denne sesongen.

- Vi blir ikkje veldig skuffa viss det ikkje går så bra i VM. Det viktigaste for oss er å sjå kva vi må jobba med fram mot OL , seier trenar Stig Leganger-Hansen til NRK.

- Må bli betre på vendingar

Kortbanesvømming betyr fleire vendingar enn langbane. Her ser den ferske EM-vinnaren at han kan bli betre, og VM gir gode muligheter til å trena på vendingar.

- Det er vendingar eg er dårlegast på. Så her treng eg all den treninga eg kan få, seier Aleksander Dale Oen.

I føremiddag kastar Dale Oen seg uti VM-bassenget for første gang. Då er det forsøk på 100 meter bryst.

SJÅ VIDEO: Aleksander Dale Oen før VM

LES OGSÅ: Dale Oen hyllet på Flesland