Hopp til innhold

Brukar fem timar til og frå jobb

Vegstenging i Hardanger gjer at pendlarar får ein ekstra lang veg til jobb. – Det vert lange dagar, seier Sven Gunnar Ramstad.

Vegstenging i Hardanger skapar problem for hjørnesteinsbedrifta Bjøvefossen i Ålvik. Ikkje minst for dei som pendlar frå Voss.

VIDEO: Sjå reportasjen om korleis vegstenginga av Fylkesveg 7 langs Hardangerfjorden skapar problem for folk som arbeider i området.

Produksjonen går sin gang ved smelteverket Bjølvefossen i Ålvik. Men dei har fått nokon ekstra utfordringar når fylkesveg 7 langs Hardangerfjorden er stengd.

– Eg køyrer vanlegvis Voss – Ålvik på 45 minutt. No må eg rekna nærare 2 timar og 20 minutt kvar veg. Så det blir lange dagar, seier Sven Gunnar Ramstad som jobbar på Bjølvefossen.

Vanlegvis er vegen om Lussandberget i Granvin ein kort og kjapp tur. Når fylkesveg 7 langs Hardangerfjorden er stengd, blir det ein dryg omveg via Trengereid.

Det er stengt fordi det er risikabelt å køyra forbi.

Sven Gunnar Ramstad

OMKØYRING: For Sven Gunnar Ramstad gjev vegstenginga av fv 7 ved Lussandberget lang reiseveg frå Voss når han skal på jobb i Ålvik.

Foto: STEINAR NEDKVITNE / NRK

Framleis stengt

Vegen blei stengt måndag i førre veke. No er det bestemt å halda fram med stenginga i alle fall til fredag. Ny vurdering vil bli gjort klokka 12.00 på fredag 4. september.

For dei som brukar å dagpendla forbi Lussandberget er det vorte ein uendeleg lang arbeidsveg.

– Det skuldast at me har fått ei delvis utgliding av ei svær blokk. Den var opp mot 1500 kubikk. Blokka må sikrast meir før me kan opna vegen, seier Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

For den store industribedrifta i Ålvik, skaper det fleire vanskar når vegen er stengd. Blant anna er det mykje varer som skal inn og ut.

– Me har 15 vogntog i veka som no må køyra rundt. Det er klart dette byr på utfordringar. seier verkssjef ved Bjølvefossen, Børge Hauge.

Børge Hauge

Verkssjef på Bjølvefossen, Børge Hauge, synest ein kunne ha opplyst betre om kor lenge vegen kom til å bli stengt.

Foto: STEINAR NEDKVITNE / NRK

– Dårleg informasjon

Dei som skal planlegga Bjølvefossen er ikkje tilfreds med informasjonen dei får frå Statens vegvesen.

– Me har klart oss gjennom det. Men det mest vanskelege er den manglande informasjonen frå dag til dag. Det er ingen prognosar for når ting skal skje. Og det gjer det ekstra vanskeleg, seier Hauge.

Lykkebø seier dei ikkje trudde stenginga kom til å vare så lenge som den har gjort.

– I utgangspunktet hadde me trudd me kom til å få opna vegen i løpet av eit døgn. Etter som det vart sprengt delar av steinmassane, så viser det seg at blokka er meir ustabil enn det som ein først trudde, seier Lykkebø.

– Me kunne nok ikkje gitt meir informasjon enn det me har gjort i dette tilfellet, avsluttar Lykkebø.

Fylkesveg 7 Lussandberget

Fylkesveg 7 i Hordaland ved Lussand like vest for Kvanndal blir stengt fram til fredag fordi ein fryktar at dette steinpartiet, som er merka med raudt kan rasa ut.

Foto: Statens vegvesen / NRK