NRK Meny
Normal

Bru i Odda kollapsa i flaumen

Bygda Hjøllo er evakuert og isolert. – Skadane er så store at det vil ta lang tid å fikse, seier ordføraren.

Hjøllobrua

RASA UT: Brufundamentet har kollapsa og rasa ut i eva på austsida. – Det er nesten surrealistisk, seier augevitne Bjørn Vivelid.

Foto: Gunnar Moland / 03030-tipser

– 15 hus i Hjøllo er no utan vegsamband. Det er ikkje alternative bilvegar inn til bustadfeltet. Vi må sjå på tiltak, for skadane er så store at det vil ta lang tid å fikse, seier ordførar John Opdal.

Tidleg onsdag morgon rasa brua til Hjøllo saman. Det er brufundamentet på austsida som har kollapsa og rasa saman.

Augevitne Gunnar Moland var på staden i natt. Han fortel at brua byrja å rase saman ved 00.30-tida.

– Sidan gjekk meir og meir av brua i elva. Det er utruleg at ikkje heile brua har gått med, seier Moland.

Store øydeleggingar

Heile 39 bygningar i Odda, blant dei ein del industribygg, er evakuerte. Fleire garasjar og uthus, ein buss, og fem hus, og ei bru har hamna på elva.

– Folk frå kommunen og Sivilforsvaret har vore ute i heile natt, og dei som har mista husa sine blir tatt vare på av kriseteamet i kommunen, seier ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus

HUS I ELVA: I elva ser ein tydeleg vrakrestar og heile hus som har blitt rive vekk av vassmassene.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Nesten surrealistisk

– Eg står på Oddasida og ser over mot Hjøllo som er på austsida av Opoelva. Det ser veldig dramatisk ut og er nesten ikkje til å tru. Det er litt surrealistisk, seier Bjørn Vivelid frå Odda.

Han fortel at ein tydeleg kan sjå vrakrestar frå hus som er slukt av vassmassane i elva.

– Me ser tydeleg at vegen er nesten vekke og at elva har grave ut vegen på Hjøllo. Masse vrakrestar flyt nedover elva, fortel Vivelid, som er styreleiar for Odda Produkt.

Saka bli oppdatert.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo