Hopp til innhold

Brøytebilsjåfør: – Ikkje køyr forbi oss!

Bekymra brøytemannskap er frustrerte over «horrible» og livsfarlige forbikøyringar. – Dei få minutta han ville spare, kunne tatt livet av ein heil familie, seier offer for strøbil-forbikøyring.

Brøyting ved Brekko

GULT LYS: Brøytebilar som brøyter køyrer med gult lys. – Det betyr at dei ikkje opererer som ein vanleg bil. Då bør ein ikkje køyre forbi, seier styreleiar Magne Løvaas i Løvaas maskin.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Kraftig snøfall og stormar den siste veka har medført stengde fjellovergangar, kaotiske tilstandar fleire stadar i Sør-Noreg og mykje arbeid for norske brøytebilsjåførar.

– Det er alltid utfordringar og mange ein skal ta omsyn til. No har det i tillegg vore mykje våt og tung snø, seier Arild Taule.

Bak rattet i brøytebilen har han kontroll over 630 hestekrefter. Taule veit at jobben han gjer er viktig, men likevel opplever han at folk ikkje alltid har respekt for arbeidet.

– Vi er jo her for bilistane – for at dei skal kome seg fram. Likevel er det mange som ikkje tek omsyn, seier brøytebilsjåføren.

– Burde ikkje hatt sertifikat

Brøytebilsjåfør Arild Taule

UROA: Brøytebilsjåfør Arild Taule er frustrert over bilistar som prøver seg på farlege forbikøyringar. – Det er galskap.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Taule fortel at han stadig opplever at bilistar tek skumle forbikøyringar i for å spare tid.

– Også når vi ligg tre-fire brøytebilar etter kvarandre på ein motorveg, finn bilistar på å køyre forbi. Eg veit ikkje om dei har det travelt med å øydelegge seg sjølv, eigen bil eller liv og helse, men slik dei heldt på er galskap!

Taule får støtte frå fagsjefen i vintervedlikehaldsleverandøren Løvaas maskin.

– Slike burde ikkje hatt sertifikat. Det er heilt horribelt å sjå forbikøyringar av brøytebil på tofelts veg, seier Magne Løvaas.

Brøytebilsjåførane slepp stort sett forbi andre bilar, det er av deira interesse. Men snøen må av vegen, og brøytebilen er der for å skape køyrbare forhold. Kvifor skal ein då køyre forbi?

Magne Løvaas

– Finst det tilfelle der ein kan køyre forbi ein brøytebil?

– Aldri utan at ein får signal frå brøytebilen, i form av lys eller at den svingar ut, seier Løvaas.

– Smalt før eg rakk å reagere

Ein novemberkveld i fjor fekk Torbjørn Lundhaug frå Bergen erfare konsekvensane av ei slik forbikøyring. Han var han på veg heim frå Oslo, då det smalt på Hemsedalsfjellet.

– Like etter å ha passert Hemsedal ser eg brått at det kjem to køyretøy mot meg. Eitt i mi køyrebane, og eitt i den andre. Det heile gjekk veldig fort, fortel Lundhaug.

Ein bil som forsøkte å køyre forbi ein strøbil, rakk ikkje svinge inn igjen i riktig køyrebane før han trefte caravellen til Lundhaug.

– Før eg rakk å reagere, smalt det.

Torbjørn Lundhaug

ÅTVARAR: Torbjørn Lundhaug fekk knust kneskål, brot i nakken og ein kraftig hjerneristing då han vart treft av ein bil som forsøkte å køyre forbi ein brøytebil. Han åtvarar mot slike forbikøyringar. – Det som redda meg var at eg hadde ein tung bil. Elles kunne det gått riktig ille.

Foto: Laila J. Reigstad

– Det var ein kraftig kollisjon, sa politiet til Hallingdølen like etter ulukka.

Sjølve samanstøyten hugsar eg ikkje, men eg vakna kort tid etter. Kupéen var full av røyk, og eg hadde ei kneskål skyvd heilt ut av posisjon.

Torbjørn Lundhaug

– Ille

I Yrkestrafikkforbundet er dei kjend med dei problematiske forbikøyringane.

– Sjåførar opplever at bilistar openbart ikkje forstår at det er meir krevjande å handtere ein stor bil på vegen, enn ein personbil, seier generalsekretær Trond Jensrud.

– At slike episodar finn stad, viser at enkelte ikkje har tanke for heilskapen i trafikken. Det er ille, meiner han.

Brøytebil på Hardangervidda 2017

BRØYTING: Rv. 7 over Hardangervidda er utsett for uvêr med kraftig vind og snø. – Det er viktig med respekt for dei som har vegen som arbeidsplass. Ser du ein brøytebil, brems ned og vent i staden for å køyre forbi, seier Trond Jensrud i Yrkestrafikkforbundet.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Snart fire månader etter kollisjonen på Hardangervidda er Lundhaug framleis bitter.

– Når ein tek ei slik forbikøyring, gjer ein ei grov feilvurdering. Det er som å ta eit balltre og knuse ned ein tilfeldig person på gata. I dag er eg lukkeleg for at eg var åleine i bilen. Dei få minutta den andre sjåføren prøvde å spare på forbikøyringa, kunne tatt livet av ein heil familie.