Broren til «Ali» er sikta for drap på mora: – Vi prøvde å skaffe han hjelp

BERGEN (NRK): «Ali» kjempa for at hans psykisk sjuke storebror skulle få hjelp, men vart ikkje høyrd. Tre veker seinare skal broren ha knivdrepe mora Maeda (63). Først då vart han tvangsinnlagd.

Maeda og åstedet

TRUDDE SONEN VAR FRISKARE: Søndag 10. mars, to dagar før drapet skjedde, sa Maeda til «Ali» at storebroren hans hadde vore i fin form sidan legevaktbesøket. – Eg og syster mi sa til mamma: «Vêr forsiktig – det er berre ein fase», fortel «Ali».

Foto: PRIVAT/SCANPIX

Det er fredag 29. mars, i den irakiske storbyen Najaf. Fleire hundre menneske, kanskje over tusen, har møtt opp til gravferd i ein av dei mange moskeane.

Når kista skal berast til siste kvilestad, er det heilt fullt i gatene. Minnestunda dagen etter må flyttast til ein større moske.

Kvinna som vert gravlagd i Najaf denne dagen, heitte Maeda. Ho vart 63 år gamal. 12. mars i år vart ho drepen med kniv i sin eigen heim i Nattlandsveien i Bergen.

Sjubarnsmora vart funnen død på soveromsgolvet av ambulansearbeidarane.

Mannen politiet meiner står bak drapet, er Maeda sin eigen son.

Den 36 år gamle sonen er òg sikta for drapsforsøk på faren sin (59), ektemannen til Maeda, som kom heim seinare same kveld.

Sidan 1997 har Maeda budd med familien i Noreg. Hit kom dei etter først å ha flykta til Saudi-Arabia frå krigen i Irak.

– Eg mista mor mi på den verste måten. Vi kom til Noreg fordi det skulle vere trygt. Men det vi har opplevd er verre enn krig, seier «Ali» (31).

"Ali" ved Bergen legevakt

– MÅ IKKJE SKJE IGJEN: «Ali» (31) ynskjer å vera anonym, men vil fortelje om familiens forsøk på å få hjelp til broren, slik at andre ikkje skal oppleve det dei har vore gjennom.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

Overraska

NRK treffer «Ali» få dagar etter at han og familien kom attende til Bergen frå Najaf. Også faren greidde reisa til Irak, trass store smerter etter knivstikka han òg vart påført.

– Mamma fekk ein skikkeleg seremoni og ein fin gravferd, slik ho fortente, seier «Ali».

Han fortel at familien har fått svært mange støtteerklæringar etter drapet på mora. Både i Bergen og i Detroit, USA, har det vore minnestunder, med fleire hundre til stades.

Familien og slekta er stor. Til saman har Maeda 14 barnebarn. I USA bur broren hennar. «Ali» fortel at mora har betydd mykje for mange.

– Ho var ei kjempegod og omsorgsfull mor. Ikkje berre for oss i søskenflokken, men også for andre. Min far var i militæret i elleve år når vi budde i Irak. Ho passa på både oss og andre barn, fordi mennene var i krig, fortel 31-åringen.

Syvbarnsmor fra Bergen gravlegges i Najaf, Irak

GRAVFERD: Så mange møtte opp i gravferda til den drepne kvinna, at minnestunda dagen etter måtte flyttast til ein større moské. Her er kista hennar på veg til familiegrava i byen Najaf i Irak.

Foto: Privat

– Ei bombe som kunne sprenge når som helst

«Ali» er prega av tøffe veker etter moras dødsfall, med mange vonde inntrykk.

Noko av det tyngste for familien, er at dei meiner drapet kunne vore unngått.

Allereie same dag sa familiens bistandsadvokat til NRK at familien fleire gonger har bedt helsevesenet om å hjelpa den no drapssikta 36-åringen.

«Ali» vil no gi fleire detaljar, fordi han meiner helsevesenet har opptredd kritikkverdig.

Broren hans har nemleg vore innlagd på psykiatrisk institusjon før. Ifølge Ali frå sommaren 2016 og eitt år fram, og sidan med ujamne mellomrom fram til hausten 2018.

Ved årsskiftet i vinter merkar familien igjen at ikkje alt er som det skal vera med broren, som bur heime hjå foreldra i Nattlandsveien.

«Ali» mistenkjer at han har slutta å ta medisinane sine.

– For meg, så var han ei bombe som kunne sprenge når som helst. Han har innimellom vore veldig sint, så eg sa til mor mi at ho måtte vera forsiktig. Først og fremst frykta eg at han skulle ta sitt eige liv, men eg har også vore uroa for andre, fortel veslebroren.

Blodspor på ytterdør drap i Bergen 12.mars 2019

BLOD: På ytterdøra i bustadblokka er det spor etter drapsforsøket natt til 12. mars i år. Like utanfor fekk den knivskadde mannen (59) stogga ein tilfeldig politipatrulje som kom køyrande forbi.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ville bevise at han ikkje var broren min

36-åringen hadde ifølge «Ali» ulike vrangførestillingar, som mellom anna gav seg utslag i at han innimellom oppriktig kunne tru at han var lege.

«Ali» fortel at han fleire gonger sidan nyttår ringde etter ambulanse og kom med uromeldingar om storebroren si helse.

Seinast 21. februar, berre tre veker før drapet og drapsforsøket.

Den kvelden får «Ali» ein telefon han reagerer på.

Det er den no drapssikta broren som ringer. Han hevdar hardnakka at han ikkje er i slekt med veslebroren.

36-åringen seier han vil ta ein DNA-test for å bevise at dei ikkje er brør, slik at «Ali» kan slutte å plage han med ambulanseoppkallingane.

Men «Ali» ringer ambulansen også denne kvelden. Ifølge han står dei utanfor leilegheita i Nattlandsveien i nær ein time medan dei snakkar med broren. Men 36-åringen vil ikkje vere med.

Ambulansepersonellet lar han gå inn att i leilegheita, til familien si store fortviling.

– Dei sa til meg at dei ikkje kunne tvinge han til å bli med, fortel «Ali».

Tok broren med til legevakta

Ambulansepersonell har strenge reglar for bruk av tvang.

«Ali» meiner ambulansearbeidarane burde skjønt at broren var «heilt ute å køyre».

Men han gir ikkje opp. Seinare same kveld tek han storebroren med seg til legevakta.

Håpet er at ein samtale med ein lege der, skal gi eit anna resultat. Men heller ikkje dette besøket fører til at broren får hjelp.

Ifølge «Ali» får dei berre ti-femten minutt med legen inne på legevakta. Der seier den no drapssikta 36-åringen til legen at formålet med besøket er å få tatt ein DNA-test.

Legen stiller så rutinemessig spørsmåla som skal avgjere om pasienten treng hjelp. 36-åringen svarar «nei» på spørsmål om han tenker å ta livet sitt, skade andre, eller om han vil snakke med ein psykiater.

«Ali» er likevel opprørt over at broren ikkje blir innlagt denne kvelden.

– Eg opplevde det som at dei tok det veldig enkelt. Som om broren min var nokon som hadde eit lite sår og berre trengde eit lite plaster. Vi fekk ingen hjelp.

– Etter dette orka eg ikkje prøve meir. Vi følte oss så forlatne, seier «Ali».

– Vi åtvara mamma

Grunna teieplikta kan ikkje Bergen legevakt kommentere opplysningane om 36-åringen sitt besøk 21. februar.

Men NRK har sett eit opptak av deler av besøket. Helse Bergen stadfester også ambulanseutrykkinga tidlegare same dag.

36-åringen hadde også betre periodar.

Seinast søndag 10. mars, berre to dagar før drapet skjedde, sa Maeda til «Ali» at storebroren hans hadde vore i fin form sidan legevaktbesøket.

– Eg og syster mi sa til mamma: «Vêr forsiktig – det er berre ein fase», fortel «Ali».

Maeda

DØD: Maeda vart 63 år gamal. Sonen hennar (36) er sikta for drapet.

Foto: Privat

Drapet

Natt til tysdag 12. mars, klokka 03.30, køyrer ein politipatrulje tilfeldig gjennom Nattlandsveien i Bergen. Utanfor ei av bustadblokkene ser dei ein skadd mann.

Han treng hjelp. Politiet tilkallar ambulanse. Samstundes kjem sonen gåande og blir pågripen av politiet.

Ektemannen (59) blir sendt til sjukehus med kritiske skader. Han kom aldri lenger enn inn til stova før han vart overfallen i døropninga. I kampen skal han ha klart å ta kniven frå sin 36 år gamle son, og kasta den ut mot verandaen.

Der skal den no drapssikta mannen ha hoppa ut, medan 59-åringen tok seg ut hovuddøra og ut på gata der politiet kom tilfeldig forbi.

– Eg kjem aldri til å gløyme den dagen. Eg vart vekt av veslesyster mi på telefonen. Ho sa det var mykje politi utanfor leilegheita. Det stod jo mykje i avisene, men eg klarte ikkje ta det innover meg, seier «Ali».

Han drog opp til foreldra si leilegheit. Der vart han møtt av sperreband. Då drog han til sjukehuset, og møtte ein slektning der.

Dei vart samde om at slektningen skulle bli att på sjukehuset med den knivskadde faren, medan «Ali» reiste til politistasjonen for å få meir informasjon.

Der får han vite at mora er drepen og at broren er sikta.

Bergen sentrum politistasjon

POLITIET ETTERFORSKAR: – Politiet hentar inn alle opplysningar om sikta sin helsehistorikk, fordi det er viktig for dei sakkunnige si vurdering, seier politiadvokat Eli Valheim.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Tvangsinnlagd etter drapet: – No er det for seint

Storebroren til «Ali» erkjente drapet på mora deira då han vart pågripen av politiet utanfor blokkleilegheita 12. mars.

– Men han endra meining, og nekta straffskuld i det første avhøyret med politiet. Det gjer han framleis. Kvifor, kan eg ikkje gå nærare inn på, seier 36-åringen sin forsvarar, advokat Egil Jordan.

No er den drapssikta formelt sett varetektsfengsla, men han sit ikkje i vanleg fengsel.

I staden vert han rekna som så sjuk at han er tvangsinnlagd på den psykiatriske klinikken på Sandviken sjukehus.

– No får han hjelp, men det er for seint for oss andre. Dei klarer ikkje bringe mor mi tilbake, seier «Ali».

– Det viktigaste for oss er at ingen andre opplever det vi har opplevd. Vi har det veldig tøft og vanskeleg. Dette kan skje igjen.

Thom B. Haaland, Helle Soltvedt og Eli Valheim i fengslingsmøte for drap nattlandsveien 13.mars

HAR MANGE SPØRSMÅL: Bistandsadvokat Thom B. Haaland (t. v), saman med politietterforskar Helle Soltvedt og politiadvokat Eli Valheim i fengslingsmøtet 13. mars. Haaland seier familien vurderer å melde Bergen legevakt til Fylkeslegen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vurderer melding til fylkeslegen

Familien sin bistandsadvokat, Thom B. Haaland, meiner spørsmåla er mange i saka. Difor vurderer familien no å melde Bergen legevakt til fylkeslegen.

Haaland spør seg om legevaktlegen hadde tilgang på alle journalar, og om dei vart sjekka.

– Ettersom sikta har ein forhistorie innanfor psykiatrien, bør alle alarmklokker ringe når dei som står han nærast uttrykker sterk uro. Då blir det for enkelt å senda nokon heim etter «ein kort prat», meiner Haaland.

Han gjentek at det viktigaste for familien er å unngå at slike feil skjer igjen.

– Var det menneskeleg feil eller systemsvikt? For ein eller annan stad har det svikta. Den forferdelege fasiten har vi, seier advokaten.

Ali utanfor Bergen Legevakt

PRØVDE: «Ali» var på Bergen legevakt saman med sin no drapssikta storebror. Han føler bekymringane til familien før drapet ikkje vart tatt på alvor av helsevesenet.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

Har ikkje journaltilgang

Bergen legevakt kan altså ikkje kommentere saka konkret grunna teieplikta.

Men konstituert sjef Eivind Damsgaard påpeiker overfor NRK at legevaktlegane kan vise pasientar vidare til psykiatrisk legevakt. Den er driven av Helse Bergen, er open ettermiddag og kveld, og er samlokalisert med Bergen legevakt.

Kvifor broren til «Ali» ikkje vart vist vidare dit i februar, kan han ikkje svare på.

Damsgaard fortel at legevakta ikkje har tilgang til psykiaterjournalane frå Helse Bergen, og at tilgangen til spesialisthelsetenesta sitt journalsystem alltid vil vera sperra.

– Burde de hatt tilgang?

– På generelt grunnlag kan eg seie at det ofte er ein fordel å ha mest mogleg informasjon om pasienten når ein skal ta ei vurdering, svarar legevaktsjefen.

Kan bli avhøyrde

Politiet opplyser til NRK at den sikta berre er avhøyrt éin gong, grunna helsetilstanden hans.

To sakkunnige skal vurdere om storebroren til «Ali» er strafferettsleg tilrekneleg. I løpet av våren er dei ferdige med si vurdering.

NRK får opplyst at politiet er kjent med at sikta var inne til vurdering på Bergen legevakt tre veker før drapet. Førebels er det ikkje avgjort om nokon der skal avhøyrast.

Politiet er også kjent med at sikta har vore innlagt på psykiatrisk institusjon tidlegare.

– Politiet hentar inn alle opplysningar om sikta sin helsehistorikk, fordi det er viktig for dei sakkunnige si vurdering, seier politiadvokat Eli Valheim.